Sogelagsturen 2011 går til Eikesdalen

 

Oppdatert 24-06-2011

 


Turen i år går laurdag 24. september, og reisemålet blir Eikesdalen i Nesset kommune. Vi er så heldige at vi har fått med oss Bjørn Austigard som reiseleiar. Eikesdalen er heimbygda hans, og han sit inne med omfattande kunnskap om denne bygda og Nesset kommune i det heile. Denne kunnskapen deler han gjerne med andre, og alle som er interesserte i lokal historie og kultur veit at han er ein framifrå forteljar og formidlar.

Turen startar frå Vestnes brygge kl. 08.30, og vi tek ferja som går frå Furneset kl. 09.00. På Molde kjem Bjørn Austigard om bord i bussen, og han vil då fortelje om bygdene vi passerer innover Fannestranda, via Eidsvågen, til Øverås ved Eikesdalsvatnet.

Der går vi om bord i ”cruisebåten”, som er den ombygde bilferja ”Mardøla”, ca. kl. 11.00. Vi får servert kaffe om bord, ta gjerne med ei nistepakke om du trur du får bruk for det. Bjørn Austigard vil fortelje om næringsverksemd, natur, kultur, folk og gardar langs vatnet.

Vel framme i Eikesdalen går vi på land, og der blir det ei lett vandring gjennom den nedste delen av bygda, fram til kyrkja. Eikesdalen er ei bygd med særeigen natur, kultur og historie, og dette vil vi få ei førsteklasses innføring om.

På tilbaketuren med båten blir det servert middag om bord.

Bussturen tilbake går langs Langfjorden, via Sølsnes og Bolsøya til Molde, og vi er tilbake på Helland kl. 19.30.

Alle utgifter til turen blir samla i ein ”pakkepris”. Det vil seie at du får

-          bussreisa

-          ferjebilletar

-          båttur med ”Mardøla”

-          kaffe om bord

-          middag på tilbaketuren, ca kl. 15.00

-          guiding, forteljing og omvisning ved Bjørn Austigard

 

Heile denne ”pakken” kostar:

Medlemmer m/ ektefelle/sambuar: 500 kr. pr. person.

Ikkje medlemmer: 600 kr. pr. person.

Her blir det stor pågang, så det gjeld å vere tidleg ute!

Påmelding innan 1. september til

Per Bjørn Ellingseter, tel. 938 70 219, e-post: per.bjorn.ellingseter@navn.no