(Pressemelding frå Vestnes sogelag)

  

Tur til indre Nordmøre med Vestnes sogelag

 

Sogelagsturen i år går søndag 17. juni, og reisemålet denne gongen er bygdene på indre Nordmøre. Dette er eit område som for dei fleste ligg litt ”utanfor allfarveg”, og vi trur dagen skal kunne by på interessante opplevingar for alle som vil vere med.

Bussturen går via Eidsvåg og Sunndalsøra til Todalen, ei lita bygd i Surnadal kommune med omlag 350 innbyggjarar. Todalen er ”Vangsgutane” si heimbygd, og vi skal få litt informasjon både om gutane, og om han som skapte dei.

Todalen ligg like inntil fjellområdet ”Trollheimen”, og vi skal besøke fjellgarden Kårvatn, som ligg øvst i dalen. Der har det vore busetnad sidan 1400-talet, og sidan 1890-åra har garden hatt ei god attåtnæring i fjellturisme. Her får vi omvising og informasjon om livet på garden i fortid og notid.

Bygda Todalen og områda rundt Kårvatn var utgangspunktet for barne-tv-serien ”Fjellgården i Trollheimen”, som vart vist på NRK hausten 2009. Opptaka vart gjort gjennom heile året, frå fjord til fjell.

Siste post på programmet er eit besøk på Svinviks arboret. Her er det sett av god tid til omvisning i den botaniske hagen, og det blir servert middag med kaffe og dessert.

Heimturen går via Tingvoll og Gjemnes.

Alle utgifter til turen blir samla i ein rimeleg ”pakkepris” som omfattar både reise, servering og omvisning. Både sogelagsmedlemmer og andre er velkomne til å vere med på turen.

Sjå annonse i avisa 5. mai. PBE