Sogelagsturen 2014

Vestnes sogelag gjennomførte sin årlege busstur torsdag 12. juni. Turen i år var ein kveldstur til nabokommunen Rauma. Vi stoppa først på Trollveggen besøkssenter, der vi vart servert kjøtkaker og kaffe. Deretter drog vi litt lenger opp i Romsdalen, til Skiri gard. Her var vi med på ei natur- og kulturvandring på eit par timar langs Rauma-elva, med Arne Skiri som guide. Turen gjekk på lett kuperte stiar. Vertskapet Svanhild og Arne har fått eintydig gode tilbakemeldingar på opplegget sitt sidan dei starta i 2002. Sjå: http://www.skiri.no/elvevandring.html og http://www.rbnett.no/kortreist/article9911310.ece.