Bokslepp – Årsskrift 2021

Tysdag 16. november vart Årrskrift 2021 lansert.

Takk til alle deltakarar og frammøtte for ein triveleg kveld på Vestnes bibliotek. Skriftstyret og forfattarar presenterte artiklane i boka. Britt Elise Skram hadde musikalske innslag. Takk til Vestnesavisa og Bygdebladet for gode omtaler av boka og bokslepp. Takk til alle som stilte opp på pakkedugnad og levering av bøker til medlemmane.

Den største takken går til skriftstyret. Desse har nok ein gong satt saman eit interessant og innhaldsrikt årsskrift for Vestnes sogelag!