Aktuelt frå sogelaget

Takk for 2022!

Gode sogelagsfolk! Vestnes sogelag takkar alle medlemmar og bidragsytarar for året som straks er ferdig. I 2022 har vi mellom anna møttest for å høyre foredrag med Bjørn Austigard, vi har vore på synfaring ved «Søblomsten», vi har vitja Vågstranda, og vi har deltatt på familiedag ved Tresfjord museum. Ikkje […]

Boklansering – Årsskrift 2022

Årsskrift 2022 vart onsdag 17. november lansert med godt oppmøte. Takk til Vestnes bibliotek for god tilrettelegging, Maritz Kafeteria for kaffi og forfattar for presentasjonar. Mange takk til alle som hjelpte til med å pakke og levere bøker. Sist men ikkje minst må vi rette ein stor takk til skriftstyret […]

Samlartreff på biblioteket

Samlartreff for postkort- og frimerke-samlarar, samt andre andre lokalhistoriske interesserte gjekk av stabelen søndag 16. oktober. Staden var Vestnes bibliotek. Takk til Oddbjørn Husøy som representerte sogelaget på samlinga. Takk til initiativtakar Arve Hoel og takk til Einar Baltzeren og Vestnesavisa for fin omtale av det heile.

Arrangement med Bjørn Austigard

Vel gjennomført arangement på Vestnes bibliotek den 6. oktober 2022. Takk til Bjørn Austigard for filmvisning og eit lærerikt og underhaldande kåseri! Takk til dei frammøtte som trassa styggevêret! Ikkje minst takk til Vestnes bibliotek for god tilrettelegging! PS: Likar du arbeidet til sogelaget og vil støtte oss med nokre […]

Foredragskveld med Bjørn Austigard

Torsdag den 6. oktober blir det foredrag med Bjørn Austigard på Vestnes bibliotek. Klokka 1900-2100. Gratis inngang for alle interesserte. Vel møtt!

Sogelagstur til Vågstranda

Den 11. september hadde sogelaget ein vel gjennomført tur til Vågstranda. Takk til alle frammøtte. Først og fremst stor takk til Arvid Moe for den flotte og varierte omvisninga. Alle var samde om at dette er ei bygd rik på historie og vakre landskap. På gjensyn!

Familiedag på Tresfjord museum

Årets familiedag vart gjennomført søndag 4. september. Klokka 13-16. I strålande sol og god temperatur møtte mange fram for å delta på dette arrangementet. God stemning, leik og moro for store og små. Vestnes sogelag takkar Tresfjord museum, Tresfjord bygdekvinnelag og Vestnes husflidslag for samarbeidet. Takk til Vestnesavisa og Bygdebladet […]

Annonse: Familiedag på Tresfjord museum

Familiedag på Tresfjord Museum Søndag 4. september, kl 13.00-16.00 Open dag med ulike aktivitetar frå «gamle dagar» Maling av korn på handkvern Kinning av smør og flatbrødbaking Karding og spinning, ulike aktivitetar med stoff og tråd Spikking Eventyrlesing og leikar Enkel servering Open for alle Gratis inngang. Arr.: Tresfjord Museum, […]

Omvisning ved «Søblomsten» 12.06.2022

Mange takk til Båtbyggarmuseet for ei flott omvisning ved Søblomsten. Vestnes sogelag gleder seg til å følgje dette store og spanande prosjektet i åra framover! Foto: Jørn Inge Frostad

Invitasjon: Omvisning ved «Søblomsten»

Vestnes sogelag inviterer alle interesserte til omvisning ved galeasen «Søblomsten». Oppmøte: Søndag 12. juni, klokka 13., ved overbygget (Katahomen, Helland). Ta med kaffi/mat for felles lunsj langs sjøfronten etter turen. Vel møtt!

Manuslokking – Årsskrift 2022

Vestnes sogelag ønskjer tekstar og bilete til Årsskrift 2022 Skriftstyret tar gjerne imot både ferdige artiklar, gamle bilete og tips til aktuelle tema. Frist for innlevering av stoff, bilete og tips er 20. juni. For meir info ta kontakt med Per Bjørn Ellingseter (tlf. 93870219), eller skriftstyre@vestnes-sogelag.no Vestnes sogelag vil […]

Årsmøte 2022 – sakspapir

Årsmøte tysdag 29. mars, klokka 19. Vstnes bibliotek. Ingen innkomne saker. Vanlege årsmøtesaker. Etter møtet: foredrag med Per Bjørn Ellingseter foredrag og musikalsk innslag av gruppa Den lille messingsfabrikken.

Årsmøte 2022 – Innkalling

Årsmøte i Vestnes sogelag Tid: Tysdag 29. mars, klokka 19. Stad: Vestnes bibliotek Vanlege årsmøtesaker Innkomne forslag sendast til leiar@vestnes-sogelag.no seinast 15. mars Underhaldning og enkel servering etter møtet. Vel møtt!