Aktuelt frå sogelaget

Vel gjennomført foredragskveld!

Takk til Bjørn Austigard for eit kunnskapsrikt, interessant og underhaldande foredrag. Takk til Britt Elise Skram for flotte musikalske innslag. Takk til Vestnes bibliotek for framifrå tilrettelegging. Og ikkje minst takk til alle dei 100 frammøtte som gjorde dette til ein svært fin og vellykka kveld!

Foredrag med Bjørn Austigard!

Torsdag 3. februar, klokka 19. Vestnes bibliotek, Stella Maris. Forfattar og lokalhistorikar Bjørn Austigard held foredraget «Mitt møte med Vestnes gjennom 50 år» og viser filmsnutten «Trøsking med sloge på Romsdalsmuseet». Musikalsk innslag ved Britt Elise Skram. Sal av bøker. Påmelding via SMS til 947 89 528. Fri inngang. Munnbind […]

Digitaliserte årsskrift!

No er alle årsskrifta til Vestnes sogelag mellom 1984 og 2016 digitaliserte og tilgjengelege for alle på nasjonalbiblioteket.no. Med ypparleg biletekvalitet kan du bla deg gjennom bøkene og søke etter einskilde ord og setningar. Dette er ein svært god og brukarvenleg måte å lese bøkene!Her er lenke til bøkene: https://www.nb.no/search?mediatype=tidsskrift..

Bokslepp – Årsskrift 2021

Tysdag 16. november vart Årrskrift 2021 lansert. Takk til alle deltakarar og frammøtte for ein triveleg kveld på Vestnes bibliotek. Skriftstyret og forfattarar presenterte artiklane i boka. Britt Elise Skram hadde musikalske innslag. Takk til Vestnesavisa og Bygdebladet for gode omtaler av boka og bokslepp. Takk til alle som stilte […]

Bokslepp – Årsskrift 2021

Bokslepp Vestnes sogelag lanserer Årsskrift 2021. Stad: Vestnes bibliotek, tysdag 16. november, kl. 19. Program: Presentasjon av boka, korte forfattarpresentasjonar og musikalsk innslag ved Britt Elise Skram. Medlemmar og forfattarar kan få med seg boka. Enkel servering. Velkomen!

Familiedag på Tresfjord Museum

Takk til alle frammøtte for ein vel gjennomført og triveleg familiedag på Tresfjord Museum søndag 24. oktober. Det var mange flotte aktivitetar og glade ansikt!   Takk for godt samarbeid: Tresfjord Museum, Tresfjord Bygdekvinnelag, Vestnes Husflidlag og Vestnes Sogelag. Vi vil også takke Vestnesavisa som vitja arrangementet og publiserte ein […]

Sogelaget på Facebook!

I dag vart Vestnes Sogelag registrert på den sosiale-nettverkstjenesta Facebook. Leiar har oppretta eigen brukarkonto og med denne etablert ei gruppe kalla for «Vestnes Sogelag». Framover vil vi publisere all aktivitet både på heimesida og Facebook. Målsettinga med avansementet er å nå ut til fleire om verksemda vår. I tillegg […]

Referat frå årsmøte

Dato/stad: 26. august 2021 kl 19.00 på Vestnes bibliotek.  Frammøtte: 23 personar.

Årsmøte 2021

Årsmøte 26. august 2021, kl 19:00 på Vestnes bibliotek

Endring av rekneskapsførar

Melding om endring av rekneskapsførar for Vestnes Sogelag Styre i Vestnes Sogelag har vedteke å gje John Øverås ansvar for rekneskapen av sogelaget f.o.m. 1.1.21. John har ein god bakgrunn for rekneskap og økonomi og med bachelorgrad, med rekneskap som hovudfelt. Han vil frå hausten av, studere vidare til ein […]

God medlemmar av Vestnes Sogelag !

Snart er tida inne for å ta en pust i bakken og la julefreda senke seg. Det er vel fortent. Utfordringane har vore mange når vi ser tilbake på året 2020. Mange av planane som, vandretur i mai (krigsminner), sogelagstur i juni, familiedag på Tresfjord Museum, kunne ikkje arrangerast grunna […]

Styremøte i Vestnes Sogelag

Dato: Torsdag 17. september 2020 kl. 18.00 til kl. 19.45. Saker som blei diskuterte: Aktivitetar, rest 2020 Bokslepp, Per Bjørn, «søknad» Pakkedugnad og distribusjon Utgjeving av boka «Barnegjeting i Norge» av Bernt Gjelsten og Øystein Husebø Nilsen, sak for Vestnes Sogelag? Vipps, skal vi ha det? Bruken av vår heimeside

Årsmøte i Vestnes sogelag

Årsmøte i Vestnes sogelag Torsdag 18. juni kl. 19.00 på Tremek AS, Skorgeneset 17 (kantine) Årsmelding frå styret, skriftstyret og fotogruppa. Rekneskap Val Revidering av vedtekter Eventuelt Martinus Løvik fortel om ”Spanskesjuka i Vestnes”. Årsmøtepapirer: www.vestnes-sogelag.no Styret

Kjære sogelagsmedlem

Kjære sogelagsmedlem ! Vestnes 1. april 2020 Vi er inne i ei vanskelig tid, der skular, barnehagar, SFO og bedrifter er satt på vent, grunna ei virus som for einskilde kan vere vanskeleg å handtere. Martinus Løvik, var sett opp til å halde eit innlegg om «Spanskesjuka» no til årsmøtet […]