Aktivitetar frå tidlegare |
||||
Oppdatert 15-02-2014 |
||||
Sogelagsturen 2013 Årsmøtet var tirsdag 19. mars på kommunehuset. Etter årsmøtet var det ope foredrag ved Kaare og Leif Magne Lervik. Her fekk vi høyre om Amerikaturen deira, på leit etter slektningar. Sjå òg artikkel i Årboka for 2012.
Årboka 2012: Årboka for 2012 er blitt godt tatt i mot. Ho er til sal
i bokhandelen. Medlemmer får boka tilsendt, inkludert i medlemsskapet. |
||||
Sogelaget arrangerte lokalhistorisk vandring i Fiksdal måndag 10. september. Det var godt oppmøte ved Fiksdal skule denne ettermiddagen. Sogelagsleiar Per Bjørn Ellingsseter fortalte den interessante historia til heimbygda si, som tidlegare vart kalla "Nakkebygda". |
![]() |
![]() |
||
|
||||
Sogelagsturen 2012 Vestnes sogelag var søndag 17. juni på busstur til indre Nordmøre. Vi besøkte Todalen (Vangsgutane si heimbygd), fjellgarden Kårvatn (kjent frå barne-TV) og Svinviks arboret (botanisk hage). På Svinvik åt vi heimelaga suppe. Turen var ei stor oppleving for dei om lag 40 som var med. Nærare info om reisemåla finn du på www.todalen.net. Les invitasjonen til turen her.
|
||||
Årsmøtet i Vestnes sogelag var 14. mars i rådhuset. |
||||
Årsskrift 2011 kom ut i god tid før jul. Sikre deg boka i bokhandelen eller ved å ta kontakt med sogelaget. | ||||
Søndag 11. september vart det gjennomført lokalhistorisk vandring med Odd Sørås som turleiar frå Øvstedal til Tresfjord kyrkje. Vandringa var ein del av Krohg-året og tok for seg historia om ”Rike-Brit”. | ||||
Sogelagsturen i 2011
gjekk laurdag 24. september til Eikesdalen. Bjørn Austigard
var med. Les meir om turen
her. |
||||
Fjellturen til Ysttinden 28. august 2011 i Krohgs fotefar vart offisielt avlyst då vêret ikkje var på vår side. Ei gruppe gjekk likevel til foten av Ysttinden, og Rolf Krohg-Sørensen kjempa seg heilt på toppen, der han framførte tekstar av tippoldefaren. Sjå reportasje i avisene og bilete i Facebook-gruppa for Krohg-året 2011. 15. mars 2011 var det storslått Krohg-feiring i Vestnes kyrkje under leiing av i Vestnes teaterlag, med Romsdalsorkesteret og Vestnes mandssangforening - det heile verbalt knytt saman av Odd Sørås. Delar av musikken som vart framført står Terje Rypdal bak. Carl Morten Amundsen var instruktør for teaterinnslaga. Etterkommarar av Krohg var med denne kvelden som heidersgjestar. Les meir om feiringa i Vestnes Kyrkjeblad her.
|
![]() Otto Theodor Krohg |
|||
|
Årsmøte i Vestnes sogelag var 9. mars på kommunehuset med vanlege årsmøtesaker. Etter møtet kåserte konservator
Terje Thingvold på Romsdalsmuseet om Hjertøya, med to
forskjellige vinklingar: |
|||
7. mars 2011 avduka sokneprest Signe Hellevik vegskiltet til Krohgalleen ved prestegarden på Helland. På biletet til høgre ser vi forslagsstillar til namnet Krohgalleen, Einar Baltzersen, og sogelagsleiar Per Bjørn Ellingseter ved det historiske vegskiltet. Foto JH. |
![]() |
|||
2011 er "Krohg-året" i Vestnes kommune, av di det er 200 år sidan Vestnes sin første sokneprest, Otto Theodor Krohg, vart fødd. Året vil bli markert med fleire arrangement, og medlemmene i sogelaget blir oppmoda om å hjelpe til. Vi takkar sponsorane til Krohg-året, Berg-Jacobsen-gruppa og Sparebank 1 SMN. Besøk gjerne gruppa Krohg-året 2011 i Vestnes på Facebook. Les om Krohg sin skitur frå Daugstad til Måndalen i Romsdals Budstikke her. |
||||
18. januar 2011
"Furland-kveld" på Landbruksmuseet. |
||||
5. desember 2010 "Kulturvandring" i bilete vart gjennomført på Frostad Grendahus
denne kvelden.
Tema var handel og næring på strekninga Langneset-Frostad frå gamal til nyare
tid. Det var innlegg frå mange med tilknytting til bygda. Oppmøtet var godt,
og det var stort engasjement frå salen.
Arrangementet var eit samarbeid med Frivilligsentralen. |
|
|||
9. september 2010
Vinjekvelden i festsalen på Vestnes sjukeheim vart svært vellykka. Heile 60 tilhøyrarar møtte
fram, og vi fekk først smakebitar frå "Ferdaminne frå sumaren 1860" gjennom dramatisering, song, dans og musikk. Skodespelaren Magne Skjævesland framstilte Vinje på
ein truverdig måte, godt utfylt av fiolinist og skodespelar Ingeborg
Stenerud og pianist Andrea Cvetkovic. Forfattaren Jon Severud har
gjennomført ei "gjenreise" i Vinje sine fotefar, 150 år etter. Han viste lysbilete frå ferda,
som mellom anna gjekk over Furland i Vestnes, og presenterte smakebitar frå boka. På alle måtar ein
triveleg kveld, og sogelaget fekk 4 nye medlemmer! Sjå og:
http://www.vinjeproduksjoner.no.
PBE. |
![]() Forfattaren Jon Severud |
|||
![]() Dei tre aktørane fekk båtbyggarbok som minne frå Vestnes |
Vinje og Malena, framstilt av
Ingeborg Stenerud og Magne Skjævesland
|
|||
20. juni 2010
Sogelagstur til Ishavsmuseet |
|
|||
7. mai 2010
Markeringa av frigjeringsdagen |
||||
26. april 2010
Nytrykk av to bøker |
||||
9. mars 2010 Årsmøtet 2010 i Vestnes sogelag vart avvikla tysdag 9. mars. 17 medlemmer var til stades. Sjå fullstendig referat frå møtet under Organisasjonen à Møtereferat. Dei som er med i det nye styret, er desse: Per Bjørn Ellingseter, leiar, Asbjørn Oterhals, Knut Kjøpstad, Torhill Sellereite og Lars Sigmund Kleive. Årsmøtet vedtok å auke medlemskontingenten til kr. 220 pr år frå og med 2011. Ola Gjendem held eit svært interessant foredrag om stell og omsorg av sjuke i eldre tider, med særleg fokus på Reknes spedalskesjukehus og sanatorium. Av saker som det nye styret kjem til å arbeide med, kan nemnast:
Vi i styret er takksame for innspel frå medlemmene til aktivitetar og turmål. |
|
|||
6. oktober 2009 Museumskveld på Tresfjord museum og
Tresheim
4. oktober 2009
Kulturminnedagen 2009 |
||||
21. juni 2009 Sogelagstur til Brøstsaga i Lesja
29. mars 2009
Jakob Sletten i tonar og ord
12. mars 2009
Årsmøte
Etter årsmøtet var det foredrag av Åsmund Skålvik om malmutvinning og kolmiler i Vestnes. Her kan du lese det fullstendige referatet frå årsmøtet.
Desember 2008 Årsskrift 2008
13. november 2008
Denne torsdagen var det sogelagskveld på
Daugstad. Om lag 30 unge og gamle møtte opp då leiar Lars Sigmund Kleive
inviterte til å høyre om aktivitetar knytt til Sesselva opp gjennom tidene.
Toril Staurset Sætre og Ingvald Vestnes fortalde. |
||||
3 desember 2007: Årsskriftet for 2007 vart sendt ut til medlemane og er i sal i bokhandelen. Boka på 185 sider inneheld 27 lokalhistoriske artiklar og er som alltid rikt illustrert. Oversikta over artiklane finn du her på heimesidene. Boka er både fin julelesnad og julegåve (prisen er 250 kroner - 200 kroner for medlemar).
Bilete frå pakkedugnaden for utsending av Årsskriftet for 2007 (Foto Olav Hole, Vestnesavisa) Olav Dahl har òg gjeve ut bok til jul. Ho heiter "Minne frå barne- og ungdomsår 1932-1950". Omtale i Romsdals Budstikke kan du lese her. 2. november 2007: Denne fredagskvelden kl. 19 var det lokalhistorisk kveld på Tresfjord fleirbrukshus. Musikktradisjonen i og rundt Tresfjorden var tema. Omlag 25 personar møtte opp og fekk høyre Britt Elise Skram og Brit Guro Rypdal spele og Lars Sigund Kleive fortelje. Tresfjord har ein sjeldan rik spelemannstradisjon over 250 år bakover i tida. Skeidsvoll-boka er hovudkjelda for det vi veit i dag. Tresfjord bygdekvinnelag severte gode kaker og kaffi. Nok ein vellukka kveld!
|
||||
12. juni 2007:
Det vart svært god oppslutning om den lokalhistoriske vandringa på Ytre Remmem. |
||||
22. mars 2007: Årsmøtet vart halde i kommunehuset, og 20 medlemar møtte fram. Leiar Alf Johan Hustad ønskte velkomen. Møtet med sine årsmeldingar vitna om eit svært aktivt år med fotoinnsamling, møter, turar, årsskrift og musikk-CD. Lars Sigmund Kleive vart vald til ny leiar i Sogelaget etter Alf Johan Hustad, som vart takka av etter fem år.
I årsmøteprotollen les vi (TOH):
|
||||
11. desember 2006: Sogelaget sitt årsskrift for 2006 er delt ut til medlemane
og i salg i bokhandelen frå denne dagen. Skriftet vart presentert for pressa
på kommunehuset. Redaktør og leiar i skriftstyret er Per Bjørn Ellingseter. Oversikt
over innhaldet i boka finn du her. Her er
m.a. artiklar om handelen i Vestnes del II og om pop og rock i kommunen frå 1961
(sjå artistregister her). |
|
|||
7. desember 2006:
Sogelagsleiar Alf Johan Hustad var på biblioteket på Helland og fortalte om
sogelagsarbeidet. Oppmøtet var beskjedent, men likevel vart det litt
utveksling av opplysningar og det vart spela NRK-opptak frå 1939. |
||||
10. november 2006: Denne kvelden var det lokalhistorisk kveld i kantina i Aktivitetssenteret på Helland med biletkåseri ved Olav Skjegstad og Einar Baltzersen. Fleire av bileta kan du sjå under "Gamle bilete" på menyen til venstre.
Olav Skjegstad Interesserte tilhøyrarar Einar Baltzersen (Alle foto AJH) Leiar Alf Johan Hustad skriv dette til dei som var med å lage arrangementet: "Hjarteleg takk for ein triveleg fotokveld på Helland, det var slik eg hadde tenkt meg at kvelden skulle bli. Etter det eg fekk opplyst var der 65 personar tilstades (altså ca 1 bilete pr person) og det vitnar om stor interesse for temaet. Asbjørn O. frå sogelagsstyret gjekk nesten tom for tidlegare årsskrift og fekk teikna 9 nye medlemmer. Odd Jarle T. ordna med kaffi, og Karoline Utgård sette folk i stemning med nydeleg musikk. Det heile ledig leia av Olav S. og biletpresentasjonen elegant gjennomført av Einar B., medan Torgeir U. passa på at bileta kom på skjermen til rett tidspunkt. Jostein B. ordna med kjeks og bar stolar på harde livet for å få plass til alt folket, for å nemne litt om kvelden. God stemning altså, og publikum deltok ivrig med kommentarer. Trivelig var det også at fleire beboarar frå sjukeheimen var med.
Og etterpå var det "fotoprat" der fleire
hadde tatt med seg gamle bilete som dei fortalde om eller søkte opplysningar
om. Jau, det var ei triveleg stund og eit vellukka arrangement.
Tusen takk
til alle som var med."
|
||||
20. august 2006: Sogelagsturen gjekk i år går til Midsund. Johan Godø og Torfinn Bjørnerem fra Midsund Slekt- og Historielag var omvisarar. Ein omtrent fullsett buss besøkte dei tre øyane Dryna, Midøy og Otrøya. Franskehellaren, Varnesbrua, handelsplassen på Drynasundet, den gamle riksgrensa, Bjørneremshellarane og Opstadbua var mellom stoppestadane. På forsamlingshuset Fredheim fortalte Eli Rødberg og Målfrid Gangstad om ting historielaget har samla. Det var middag på Midsund Kro før besøket vart avslutta med ein tur Otrøya rundt. Sjå òg artikkel i Vestnesavisa 23. august.
Brua over Drynasundet (Midøy-Otrøy) Karsten og Jostein Kirkeslett framfor
vart bygd i 1904 og er seinare restaurert.
Opstadbua der dei budde nokre år i oppveksten
Bileta viser vegen opp til Bjørneremshellarane og opninga
til den største av dei
Orientering om Opstadbua (Alle foto: AJH) |
||||
7. juni 2006:
Sogelaget besøkte Tresfjord Museum denne kvelden. Det var ope for alle og
omlag 30 personar møtte fram. Olav Dahl orienterte og viste dei besøkande
rundt. Arnljot Løvik og Alf Johan Hustad held òg innlegg. Besøket vart
avslutta med servering på løa og musikk ved Toradergruppa. Ein vellukka
kveld! |
||||
23. mars 2006:
Årsmøte i sogelaget på kommunehuset i Vestnes. Godt oppmøte både på årsmøtet
og etterpå, då Astor Furseth kåserte om rovdyr og jakt i eldre tider. Han
har skreve bok om emnet. Denne delen av møtet var ope for alle. |
||||
28. januar 2006: Sogelaget v/fotogruppa hadde innsamling av gamle bilete frå Vestnes/Helland/Remmembukt-området. Det møtte 8 personar med gode samlingar av bilete og det vart avfotografert eller skanna i overkant av 100 bilete.
|
||||
26. oktober 2005. Sogelaget presenterte sangheftet ”Salmer og Sange fra Tresfjord” i ei sanggudsteneste i ei fullsett Tresfjord kyrkje. Heftet inneheld eit utval av salmar og religiøse songar av dei to tresfjordingane Anna Nilsdatter Stavem og Søren Hoem Øvstedal. Kåre Lislien har omsett salmane frå gotisk og gjort mindre språklege endringar, Henry Vike har funne fram til melodiane og Jakob Kjersem har leia arbeidet. 12. september 2005. Kulturminnedagen. Tema ”Frå slegge til mus”. Eit samarbeid med Vestnes kommune og Skorgen Vel. Vi såg på dei gamle bruene i Skorgen. Etterpå var det samling på Frivillighetssentralen her det m.a. var kåseri av Thor Olaf Helland om opplysningar frå handelskalenderen i Vestnes år 1944. Til slutt besøkte vi Båtbyggarmuseet si utstilling i løa på Frivillighetsentralen. 21. august 2005. Sogelaget hadde tur til Veøya, med omvising på øya, i kyrkja og i prestegarden. Omvisar var Terje Thingvold. Reisa fram og tilbake gjekk med m/s ”Auno”. I det vakre veret var det ein strålande tur. 25 personar var med. 22. juni 2005. Sogelaget arrangerte omvising i det tyske kystbatteriet på Øygarden, Rekdal; ”Stützpunkt Rekdal”. Omvisar var Roger Aakernes med god hjelp av Asbjørn Oterhals. Her deltok ca 50 personar. 19. april 2005. Lokalhistorisk kveld i Fiksdal med tema ”Å slå forsyn”. Dette var ein heimeindustri i Fiksdal frå mellomkrigstida og fram til ca 1960. Det var song av Fiksdal mannskor, Ernst Nakken demonstrerte bruk av forsynmaskiner og Bjørn Austigard kåserte. Det heile leia på ein stødig måte av Fiksdal Vel v/Marino Nakken. Arrangementet var på ”Bygdaheim” i Fiksdal og salen var full av folk. 7. mars 2005. Årsmøte. Forfattar Ole M. Ellefsen fortalde om ”Brudeferden” , då livbåten ”Uræd” kryssa Atlanterhavet i 1905. Her var det med 2 mann frå Vestnes. 12. september 2004. Kulturminnedagen. Tema ”Frå hjell til gryte”. Sogelaget tok del saman med Vestnes kommune, Frivillighetssentralen o.fl. i ei tilstelling på Gjermundnes. August 2004 ”Den store hesteferda”. Sogelaget deltok med tilrettelegging og deltaking kring filmopptaka i tresfjordområdet. Kontaktmann var Jakob Kjersem. 22. august 2004. Tur til Gossen, Aukra, med omvising på øya og besøk på Krigsminnemuseet og ved Roktamonumentet og i kyrkja. Rektor Knut Rød var ein spirituell og engasjert omvisar med store kunnskapar om lokalhistoria til denne øya. Det er mykje kontakt mellom Aukra og Vestnes. Under krigen var i alt 56 gossingar evakuert frå Aukra til Vestnes fordi tyskerane rekvirerte hus og heim og der var bygging av festningsverk og flyplass. 24. mai 2004 Gravrøysvandring på Vike. Fylkesarkeolog Jan Aakvik var guide og viste rundt, fortalde og orienterte om dei store samlingane av gravrøyser i Bakneset og Leikarneset. Det deltok ca 20 personar. Etter omvisinga var det kaffi på Landbruksmuseet der vi også fekk sjå utstillinga ”Emnetre”. 31. mars 2004 Lokalhistorisk kveld i Tomrefjord, med tema ”Konfeksjonsindustrien”. Kvelden var eit samarbeid med Romsdal sogelag og konfeksjonsmuseet i Isfjorden. Her var intervju med konfeksjonsarbeiderar, bilde frå konfeksjonsindustrien og avsspeling av eit intervju som NRK hadde hatt med konfeksjonssyersker i 1938. I tillegg også kåseri av Bjørn Austigard, som fortalde om ”Vadmel og stamping”. Arrangementet var på Tomrefjord skule og det var møtt fram ca 100 personar. 18. mars 2004. Årsmøte. Avspeling av eit lydopptak gjort av NRK v/Hartvig Kiran i 1938, der han m.a. intervjuar handelsmann Peder Fiksdal, kaptein Nils Øveraas, ordførar og båtbyggar Einar Helland og båtbyggar Iver Løvik. 2. oktober 2003. Soglaget presenterte ”Bygdetradisjonar i ord og tonar II”, ein CD med musikk og verbale innslag frå Vestnes. Tyngda av dei som er med på den 34 spors CD-en er mellom 50 – 80 år gamle. Henry Vike har administrert og redigert det heile. 14. september 2003. Sogelaget deltok i markering av kulturminnedagen. Tema: Vår medisinske kulturarv. Tilstellinga vr i festsalen ved Vestnes Trygdeheim. Her var m.a. ei lita utstilling og lege Torstein Tjelle fortalde frå si lange tenestetid som lege i Vestnes. 30. august 2003. Sogelaget deltok ved opning av Sjøhallen ved Aker Langsten as. 22. juni 2003. Tur til Fjørtofta med omvising på øya og besøk i kyrkja som vestnesingen, kyrkjebyggar Knut L. Stokkeland, sette opp i 1870-åra.. Palmer Fjørtoft var ein engasjert og kunnskapssrik guide. Det tok del 25 personar. 9. april 2003. Kveldskurs om ”Data i slektsgransking”. Kurset var i samarbeid med DIS Vestnes. 26. mars 2003. Årsmøte. Framvising av gamle postkort frå Vestnes. Desember 2002. Pressekonferanse ved framlegging av årsskriftet. 8. september 2002. Sogelaget tok del i markering av kulturminnedagen, med ei tilstelling på Frivillighetssentralen, Vestnes. Tema var skulen i gamle dagar. 16. juni 2002. ”Frå gudshus til garveri”. Sogelaget hadde tur til Ørsta for å sjå på ”Bruksbutikken”. Dette huset som vart kåra som tusenårstad i Ørsta, er bygd opp med materialer frå den gamle kyrkja i Vestnes som vart riven i 1872. Bygget var mykje til nedfalls. Etterpå var det omvisning i den gamle delen av Ørsta sentrum med Gunnar Ellingsen som guide, og deretter gikk turen til Ivar Aasen-museet der vi fekk sjå oss om og Jens Kåre Engeset fortalde om Ivar Asen og Anders Hovden. Vi besøkte også fødestaden til Anders Hovden, før vi etter ein lang dag tok bussen tilbake til Vestnes. 21. mars 2002. Årsmøte. Framvising av båtbyggarfilmen frå Vestnes. |
||||