Minneord Jakob Kjersem

 
Jakob Kjersem er død

Vestnes sogelag miste i sommar ein av sine mest trufaste medarbeidarar. Jakob var til det siste aktiv og engasjert i sogelaget sitt arbeid, særleg i skriftstyret. Ingen andre har levert så mykje stoff til årsskrifta som Jakob, heile 19 artiklar. Særleg idretts- og musikklivet i Tresfjorden er blitt grundig dokumentert gjennom det han skreiv. Hans eigne minne frå OL-deltaking i 1948 og 1952 er sjølvopplevd idrettshistorie på sitt beste.

Vi som hadde gleda av å samarbeide med Jakob om lokalhistorisk arbeid, vil sakne han. Sogelaget takkar for alt det han fekk gjort for laget, og for lokalsamfunnet vårt.

Ved Jakob si gravferd i sommar, der ei fullsett Tresfjord kyrkje tok avskil, la leiaren i Vestnes sogelag krans ved båra hans, og takka for innsatsen for lokalhistorisk arbeid.



  Jakob Kjersem
1925-2009
 

Oppdatert 13-10-2009