Om heimesidene |
||
Oppdatert 28-04-2018 |
||
Heimesidene vart oppretta i 2005. Pådrivar og redaktør frå starten var dåverande leiar Alf Johan Hustad.
Han står òg bak dei fleste registra, det første innhaldet og fleire bilete i toppkollasjen. Han og fotogruppa har skaffa
mange av dei
historiske bileta og skanna dei. Redaktør for heimesidene er Arvid Blindheim. Vevmeister er Johan Hjelvik. Han har sett opp heimesidene og held dei vedlike i samarbeid med redaktøren. Han står for teknisk bilethandsaming og har teke fleire av bileta i toppkollasjen. Verktya MS Front Page og Paint Shop Pro er nytta. Domenet www.vestnes-sogelag.no er registrert av Vestnes sogelag. Vert for heimesidene er OnNet AS. Toppkollasjen er laga av grafikaren Kristina Aas frå Vestnes. Logoen til Vestnes Sogelag er laga av kunstnaren Ola Stavseng frå Stordal. Han laga og Båtbyggarmonumentet på Helland, som logoen syner. Fonten Amerigo er nytta. |