Oppdatert 29-07-2018

 
Aktuelt frå sogelaget
 
Vidare program i 2018
Styret har ei stund hatt følgande programpostar på blokka, som interesserte i lokalhistorie bør få med seg:
- Søndag 2. september gjentek vi den populære familiedagen på Trefjord museum saman med museumsstyret og Tresfjord bygdekvinnelag
- Til hausten: Historisk vandring på Syltebakken i Tresfjord. Denne gongen går vi innover til kyrkja og stansar ved minneverdige bygningar og anna. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg vil leie oss med lokal hjelp
- Laurdag 17. november møtest vi for å få vite meir om den rike båtbyggarhistoria i Tomrefjord. Sentrale personar orienterer og viser bilete.
- Siste veka i november har vi det etter kvart tradisjonelle boksleppet av årboka 2018 på Vestnes folkebibliotek. Nokre av forfattarene vil orientere om sine artiklar. Dette må du få deg.
                                                          oOo

 

Sogelagsturen 2018 gjekk til Mellemværftet i Kristiansund og Kvernes stavkyrkje laurdag 2. juni. I kontakt med Nordmøre museum laga vi ein interessant tur for dei tjue deltakarane. Du kan lese om Mellemværftet her. Neste år har vi mål om å fylle bussen heilt!
 
Årsmøtet i sogelaget var onsdag 21. mars  i kommunestyresalen. Etter årsmøtesakene orienterte Fotogruppa om sitt arbeid med digitalisering av fotosamlingar i Vestnes.
Årsmøtepapira finn du her.

oOo


Skriftstyret i mange år med Olav Hole, Anton Øverås og Per Bjørn Ellingseter blir takka for innsatsen av leiar Arvid Blindheim (Foto Bjørn Flate)

Onsdag 29. november var det "bokslepp" av Årsskriftet 2017 på Vestnes folkebibliotek med forfattarar til stades. Redaktør Per Bjørn Ellingseter presenterte alle artiklane i boka, som er 22. utgåve frå sogelaget. Sjå Publikasjonar her for meir info.
Medlemmer får boka i postkassa første veka i desember. Andre kan kjøpe boka i bokhandelen på Helland.

P.S. Lenkje til lydopptak frå bygdemøte på Ljosvang i 1953.

oOo

Laurdag 16. september var det historisk vandring i Syltebakken i Tresfjord
Vestnes Sogelag arrangerte vandringa saman med Tresfjord Museum. Syltebakken omfattar ei gruppe unike bygningar som utgjer eit kulturminne. Bygningane ligg langs den gamle riksvegen, om lag tretti i talet; næringsbygg, bolighus, uthus i ulike stilartar, sveitserhus, murhus i jugendstil, empire og bygningar frå mellom- og etterkrigstid. Dette er den første sentrumsdanninga i Tresfjord som tok til på 1800-talet. Her vart det etablert handel, tradisjonelle handverk som tønnemaking, baking, snekring og smedverk, båtrutetransport, skipsekspedisjon og mykje anna. Syltebakken fortel historia frå når samfunnet gjekk frå primærnæringar som jord- og skogbruk og fiske til også å omfatte industri, handel og sørvisyrker. Konfeksjonsverksemder var blant desse. Det knyter seg mykje historie og ikkje minst mange historier til denne utviklinga og dei mest aktive åra i Syltebakken. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg orienterte hus for hus langs vegen. Arnljot Løvik og Steinar Kjersem frå Tresfjord Museum supplerte med artige historier som enno lever på folkemunne. Dei om lag førti frammøtte fekk ein interessant  historietime.

oOo

Odd Jarle Talberg og Einar Baltzersen engasjerte dei frammøtte.
Arvid Blindheim i Sogelaget, Steinar Kjersem i Tresfjord Museum og Odd Jarle Talberg var nøgd med vandringa og det gode frammøtet (Foto JH).
Stand på Frivilligdagen, laurdag 9. september, ga sogelaget 7 nye medlemmer.

oOo

Barnas dag på Tresfjord museum vart arrangert laurdag 19. august med godt oppmøte.

oOo

Sogelagsturen 2017
Laurdag 10. juni gjekk årets sogelagstur til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Bussen gjekk sørover frå Vestnes Brygge, innover Storfjorden til Hellesylt, gjennom den vakre Nordangsdalen og til Sæbø. På vegen tok vi ein kaffistopp med omvising på det fantastiske Peer Gynt-senteret. I Ørsta hadde vi eit lenger opphald med orientering, omvising og middag på Ivar Aasen-tunet. 25 nøgde deltakarar var heime på Vestnes i sekstida på kvelden.

oOo

Onsdag 31. mai arrangerte sogelaget krigsminnevandring på kystbatteriet på Rekdal.
Asbjørn Oterhals og Arve Rekdal viste oss rundt med start i Øygardsbukta, godt assistert av Per Bjørn Ellingseter. Om lag 30 deltok. Bildereportasje i både Vestnesavisa og Bygdebladet. Sjå: http://vestnesavisa.no/news/391.

oOo


Årsmøtet 2017
vart halde 1. mars i Fiksdal kyrkjelydshus. Det var vanlege årsmøtesaker med val. To nye kom inn i styret. Om lag tjue medlemmer møtte. Vi vart traktert med kaffi og kaker.
Etterpå fekk vi gjenoppleve delar av jubileumsprogrammet for Fiksdalkyrkja, som var 150 år i 2016. Petter Inge og Ivar Bergheim tok oss med på eit interessant fotokåseri og til slutt omvising i den nyoppussa kyrkja. 


 

 
Årboka for 2016 er her

Årsskriftet vart pakka og utsendt til medlemane siste veka i november. 150 år gamle Fiksdal kyrkje prydar omslaget, og boka er fylt med god lesnad på dei 222 sidene. Her er artiklar om utvandring frå kommunen, ordførarkjedet,  Hellandkaia, hestehandel på Lindset, song og musikk på Øverås og mykje anna. Boka er til sals i bokhandelen og er ei populær julegåve.

 

 

Sogelaget med stand på Frivilligdagen 17. september

Fleire representantar frå styret stod på stand på Vestnes brygge denne laurdagen. Vi hadde gode tilbod på publikasjonane våre, snakka lokalhistorie med folk og teikna fleire nye medlemskap i laget. Ein fin dag med mykje folk på brygga .

Her er det Per Bjørn og Lars Sigmund som held stand.


Barnas dag på Tresfjord museum laurdag 10. september
Arrangementet var godt besøkt av unge og vaksne. Sogelaget og medarrangørane Tresfjord museum og Tresfjord bygdekvinnelag viste ulike aktivitetar frå "gamle dagar", som karding, spinning, maling av korn, flatbrødbaking, kinning av smør, ljåslått og raking. Det vart også lest eventyr, og gamle leikar vart vist. Mange nytta høvet til å sjå seg om på museet. Mellom aktivitetane kunne folk nyte ein kopp kaffi eller eit glas saft og litt å bite i kafeen i låven.

1800-talsvandring 11. juni
Sogelaget arrangerte denne laurdagen vandring frå Frivilligsentralen til Vestnes kyrkje. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg fortalte historia til det som er sjå og til personar som har levd langs denne ruta gjennom Helland og Vestnes. Det var stor oppslutning og mange lovord å høyre om vandringa etterpå.
 
Sogelagstur til nye Romsdalsmuseet 26. mai
Denne torsdagen var Vestnes sogelag på tur for å oppleve det nye og alt mykje omtalte nybygget ved Romsdalsmuseet. Jarle Sanden tok imot og serverte rømmegraut før han viste oss rundt nybygget med  utstillingar.Vi fekk også bli med i underetasjen i dei nye gjenstandsmagasina og verkstadene som gjer at ein maktar å ta vare på meir enn 20.000 innsamla kulturhistoriske gjenstandar frå heile Romsdal.

Det nye museumsbygget er teikna av Reiulf Ramstad Arkitekterblei og vart opna av statsminister Erna Solberg i februar. Berre bygget i seg sjølv er verdt besøket med si spektakulære og spennende utforming. Det har i tillegg blitt eit svært funksjonelt nybygg for museet. 

Kulturkvelden i Myra 16. mars
med tema «Folk og ferdsel i Vestnes» samla rundt seksti tilhøyrarar.
Leiaren i Sogelaget, Arvid Blindheim, ønskte velkomen. Etter småbordsprat med kaffi og skuffekake, var det musikalsk innslag med tostemt visesong. Gunnar Ødegård og Bernt Fylling framførte mellom anna «Bøgda mi med tone av Ødegård og tekst av vestnesdiktaren Brynjulf Salthamar.
Forteljaren Odd Sørås tok oss så på ei reise rundt 150 år tilbake i tid. Med utgangspunkt i boka si om samferdsle i Vestnes, kom vi tett på personar som hadde lagt turen innom Vestnes. Spesielt godt kjent vart vi med den mangesidige franskmannen Henri de Rothschild, som overnatta på Vestnes Hotell som 17-åring.
Arrangementet var i samarbeid med Vestnes Pensjonistlag.
 


Odd Sørås

Årsmøte
Årsmøtet var 24. februar med godt oppmøte. Vanlege årmøtesaker. Det vart meldt om høg aktivitet i 2015 med to vellukka bokutgivnader. Attval av leiar og styre.
Etter etter årsmøtet orienterte Vebjørn Fiksdal og Edmund Melkild om arbeidet med fotoboka «Før i ti’n».
Årsskrift 2015 er her!
Årets sogelagsbok er no klar for distribusjon til medlemmer og andre. Vi reknar med at alle medlemmer skal ha fått boka i løpet av veke 49. Boka er som vanleg til sals i bokhandelen på Vestnes brygge og på Bygdabua, Fiksdal. Prisen er (også som vanleg) kr. 270,-.
Årsskriftet har i år større sidetal enn nokon gong før, 230 sider. Innhaldet er variert, med innslag frå alle delar av kommunen. Nokre stikkord:
* Mordsak på Vestnes i 1905
* Konfeksjonshistorie frå Vik
* Tresfjordingar på Hjertøya
* Barndomsminne frå Amerika
* Fiksdaling som flytta til Rogaland
* Kaféar i Tresfjord
* og mykje anna, frå alle delar av kommunen

Er du medlem, og treng fleire bøker til medlemspris (kr. 220,-), kan du kontakte leiaren i redaksjonsnemnda, Per Bjørn Ellingseter. e-post: pelli0343@yahoo.no. tel.: 938 70 219

Mathias Vik, ein av
 konfeksjonspionerane i
  Vestnes, med sine tilsette.

Syverkstaden til broren Lars
 Vik i Tresfjord vart seinare
omgjort til kafé.

Hotellet på Vestneshaugen
 med skotdrama i 1905.

 
Ny fotobok i sal

 

Fotogruppa, styrka med leiar Arvid Blindheim, har no fullført sitt store arbeid. Gamle fotografi frå heile kommunen, med forklarande tekst til kvart bilde, er samla mellom to permar.

Praktverket "Før i ti'n" får du kjøpt i bokhandelen på Vestnes.

 
Tur til Sunnmøre Museum

Onsdag 9. september gjekk turen til Sunnmøre Museum. Etter servering av sunnmørsk bacalao i museumskafeteriaen,  fekk vi  omvisning og orientering i båthallane ved Per Veddegjerde og på friluftsmuseet ved Jarle Sulebust. Dei 25 deltakarane hadde ein fin kveld. Besøket ga meirsmak, her er mykje att å utforske.


oOo

Sogelagstur til Bud

3. juni var vi på tur til Ergan Kystfort og det nye Kystkultursenteret i Bud. Vi starta opplevinga med fiskesuppe på Bryggjen i Bud. Jarle Sanden, direktør på Romsdalsmuseet, var med på turen og delte sin kunnskap om kysthistoria vår berre slik han kan.  

oOo

Årsmøtet var i år i Tresfjord Kyrkjestove 5. mars. Etter årsmøtet var det Kulturkveld i Tresfjord kyrkje i samarbeid med Tresfjord Sokneråd og Romsdalsmuseet. Det var foredrag om antemensalet i kyrkja ved Kristin Hatlebrekke og lokal folkemusikk ved Britt Elise Skram m.fl.

oOo


Kåseri om Knut Haugland på Idahall 5. februar

Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge. Denne torsdagen kunne eit femtitals tilhøyrarar møte forfattaren av boka om krigshelten og eventyraren. Svein Sæter kjem frå Stangvik på Nordmøre. Han har skrive boka Operatøren - Knut Hauglands egen beretning. Han fortalte om det dramatiske og fantastiske livet til Haugland, som døydde i 2009. Det var Kaare Lervik i Vestnes pensjonistlag som tok initiativet til kvelden, som vart arrangert i samarbeid med Vestnes folkebibliotek og Vestnes sogelag.

Folkemusikkgruppa Werner Barth spelte før og etter kåseriet.

 

Årsskrift 2014

Boka inneheld også i år mykje lesverdig stoff frå alle delar av kommunen, og frå ulike tidsperiodar. Boka er alt no å få i bokhandelen på Vestnes brygge, og prisen er som før, kr. 270,-, til dei som ikkje er medlemmer. For den som ikkje er medlem, er det no rette tida å melde seg inn. Du får då Årsskrift 2014 gratis mot å betale årskontingenten for 2015. Bruk ev. adressene nedanfor ved innmelding. For medlemmene er boka inkludert i kontingenten.
Vi skal ha pakking torsdag 27. november, og etter den datoen er det berre å vente på at boka skal komme i postkassa. Distribusjonen lokalt skjer på dugnadsbasis, så du som er medlem må ikkje bli fortvilt om det kan gå nokre dagar før du får boka. Vi minner også om at den som er medlem får kjøpe ekstra eksemplar til medlemspris, kr. 220,- pr bok. Kanskje dette kan vere ein ide til julegåve i år? Dersom dette er aktuelt, kan du bestille ekstra bøker på e-post: pelli0343@yahoo.no eller telefon/SMS: 938 70 219. Du får også kjøpe tidlegare utgåver til medlemspris.

oOo

 

Frivilligdagen laurdag 20. september

Vestnes sogelag var representert med stand på Frivilligdagen på Helland. Vi orienterte om laget, selde årsskrift og andre publikasjonar, og rekrutterte nye medlemar.

 

oOo
 

Kulturminnedagen 14. september

Sogelaget var arrangør av Kulturminnedagen på Furland idrettshus denne fine søndagen. Grunnlova sitt 200-årsjubileum danna ramme om arrangementet. Furland har fått sitt namn, er dyrka og busett i perioden etter vi fekk grunnlova.

Jarle Sanden og Guttorm Kjelsvik kåserte om Jacob Jervell si nydyrking frå 1850 og om bureisingsprosjektet Ny Jord frå 1922. Blant dei rundt femti som møtte var fleire som har tatt arbeidet til pionerane vidare.

oOo


Sogelagsturen 2014

Vestnes sogelag gjennomførte sin årlege busstur torsdag 12. juni. Turen i år var ein kveldstur til nabokommunen Rauma. Vi stoppa først på Trollveggen besøkssenter, der vi vart servert kjøtkaker og kaffe. Deretter drog vi litt lenger opp i Romsdalen, til Skiri gard. Her var vi med på ei natur- og kulturvandring på eit par timar langs Rauma-elva, med Arne Skiri som guide. Turen gjekk på lett kuperte stiar. Vertskapet Svanhild og Arne har fått eintydig gode tilbakemeldingar på opplegget sitt sidan dei starta i 2002. Sjå: http://www.skiri.no/elvevandring.html og http://www.rbnett.no/kortreist/article9911310.ece.

oOo


Arvid Blindheim valt til ny sogelagsleiar
Årsmøtet 2014 vart avvikla i kommunehuset onsdag 12. mars med vanlege årsmøtesaker, blant desse val. Per Bjørn vart takka for sin store innsats som sogelagsleiar dei fem siste åra. Han held fram i skriftstyret som har ansvaret for årboka. Som ny leiar vart Arvid Blindheim valt. Vi gratulerer og ønskjer han velkomen.
 

Etter møtet fekk dei tjue frammøtte med seg eit svært interessant foredrag ved konservator Hilde Stenmark frå Romsdalsmuseet. Ho viste bilete og snakka om heimeproduksjon av klede og om bunader.

       oOo


Historisk teaterframsyning i Myra onsdag 26. februar

Teatergruppa ”Vinjeproduksjonar” viste musikkteater-framsyninga ”Rosa” denne kvelden. Dette er eit teaterstykke som er knytt til stemmerettsjubileet i 2013, men innhaldet er sjølvsagt framleis aktuelt. Handlinga er knytt til kvinnefrigjering og likestilling på andre halvdelen av 1800-talet. Gjennomgangsfiguren, Rosa Kjeldseth, var ei kvinne som fekk oppleve dramatiske hendingar i livet sitt. Musikken som blir brukt i stykket er komponert av den første kvinnelege komponisten i Noreg, Agathe Backer Grøndahl. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom sogelaget, pensjonistlaget og Vestnes kommune.
 

oOo

 

Årboka 2013
vart pakka på dugnad 25. november og er fordelt til medlemmane i god tid før jul. Boka, som er på 200 sider og i år i litt større format, er også til sals i bokhandelen. Her er mykje god lokalhistorie.

oOo


Om heimesidene