God medlemmar av Vestnes Sogelag !

Snart er tida inne for å ta en pust i bakken og la julefreda senke seg. Det er vel fortent.

Utfordringane har vore mange når vi ser tilbake på året 2020. Mange av planane som, vandretur i mai (krigsminner), sogelagstur i juni, familiedag på Tresfjord Museum, kunne ikkje arrangerast grunna Covid19.

Heller ikkje pakkedugnaden og boksleppet fekk vi arrangere på slutten av året. Heldigvis fekk vi gjennomført årsmøte også dette året.

Trur nok at situasjonen vil endre seg for neste år, men kanskje ikkje i den fart vi ønsker, men at ein er komme tilbake til «normalen» i 2. halvår.

Vi har personar som no har slutta i Vestnes Sogelag, leiar i fotogruppa, Vebjørn Fiksdal, og no signaliserer forretningsførar, Hallgeir Anderson, at han trer tilbake på nyåret. Vil takke begge to for det arbeidet dei har nedlagt over så mange år.

Skriftstyret, leia av Martinus Løvik, har også i år fått lagt fram eit flott tidskrift for 2020. Takk til alle i skriftstyret.

Som nemnd, pakkedugnaden gjekk ut, men Per Bjørn Ellingseter tok på seg arbeidet med all pakking og utsending sjølv. Takk til deg.

Også takk til alle som har gjeve stoff til tidskriftet og vore med på andre aktivitetar, ikkje minst eit godt styre å samarbeide med og ein god «web-konsulent», Tore Louis Williksen.

God jul og godt nytt år !

Med venleg helsing

Bjørn Flate

-Leiar