Tidlegare aktivitetar

Oppdatert 18.01.2020

default img

Ekstraordinært årmøte 11. apri

Møtet blei avhalde på Vestnes Fjordhotell. Seks personar møtte fram. Vedtak: Bjørn Flate blei valgt til styreleiar for eitt år. […]

default img

Fotogruppa

Gruppa har lagt ut på nett snart 4000 bilete frå arkivet til Kristoffer Aas, og mange bilete kjem til under […]

Vandretur

Vandretur

Det blei ikkje arrangert nokon vandretur i år. Sjå planar for 2020.

default img

Frivillighetsdagen 7. september

Den årlege frivillighetsdagen blei arrangert med 42 lag og organisasjonar i Vestnes Brygge. Sogelaget stilte som vanleg med vår vogn […]

default img

Skriftstyret

Har hatt ein redaksjon med Martinus Løvik, Einar Baltzersen og Petter Inge Bergheim, der Martinus fungerte som koordinator. Tove Eikrem […]

default img

Boksleppet 2019

Boksleppet for det 24. årskriftet i Vestnes Sogelag blei også i år på arrangert i Vestnes Bibliotek, 25. november. Fire […]

default img

Pakkedugnad 2019

Per Bjørn Ellingseter hadde også i år laga eit godt opplegg for pakkedugnaden for dei 7 personane som møtte fram […]

default img

Vidare program i 2018

Styret har ei stund hatt følgande programpostar på blokka, som interesserte i lokalhistorie bør få med seg:– Søndag 2. september […]

default img

Sogelagsturen 2018

Sogelagsturen 2018 gjekk til Mellemværftet i Kristiansund og Kvernes stavkyrkje laurdag 2. juni. I kontakt med Nordmøre museum laga vi ein […]

default img

Sogelagsturen 2017

Laurdag 10. juni gjekk årets sogelagstur til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Bussen gjekk sørover frå Vestnes Brygge, innover Storfjorden til […]

Årsmøtet 2017

Årsmøtet 2017 vart halde 1. mars i Fiksdal kyrkjelydshus. Det var vanlege årsmøtesaker med val. To nye kom inn i styret. […]

Årboka for 2016 er her

Årsskriftet vart pakka og utsendt til medlemane siste veka i november. 150 år gamle Fiksdal kyrkje prydar omslaget, og boka […]

default img

1800-talsvandring 11. juni

Sogelaget arrangerte denne laurdagen vandring frå Frivilligsentralen til Vestnes kyrkje. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg fortalte historia til det […]

Kulturkvelden i Myra 16. mars

Kulturkvelden i Myra 16. mars med tema «Folk og ferdsel i Vestnes» samla rundt seksti tilhøyrarar.Leiaren i Sogelaget, Arvid Blindheim, ønskte […]

default img

Årsmøte

Årsmøtet var 24. februar med godt oppmøte. Vanlege årmøtesaker. Det vart meldt om høg aktivitet i 2015 med to vellukka […]

Årsskrift 2015 er her!

Årets sogelagsbok er no klar for distribusjon til medlemmer og andre. Vi reknar med at alle medlemmer skal ha fått […]

Ny fotobok i sal

Fotogruppa, styrka med leiar Arvid Blindheim, har no fullført sitt store arbeid. Gamle fotografi frå heile kommunen, med forklarande tekst […]

Tur til Sunnmøre Museum

Onsdag 9. september gjekk turen til Sunnmøre Museum. Etter servering av sunnmørsk bacalao i museumskafeteriaen,  fekk vi  omvisning og orientering […]

default img

Sogelagstur til Bud

3. juni var vi på tur til Ergan Kystfort og det nye Kystkultursenteret i Bud. Vi starta opplevinga med fiskesuppe […]

default img

Årsmøte

Årsmøtet var i år i Tresfjord Kyrkjestove 5. mars. Etter årsmøtet var det Kulturkveld i Tresfjord kyrkje i samarbeid med Tresfjord Sokneråd og […]

Årsskrift 2014

Boka inneheld også i år mykje lesverdig stoff frå alle delar av kommunen, og frå ulike tidsperiodar. Boka er alt […]

default img

Frivilligdagen laurdag 20. september

Vestnes sogelag var representert med stand på Frivilligdagen på Helland. Vi orienterte om laget, selde årsskrift og andre publikasjonar, og rekrutterte […]

Kulturminnedagen 14. september

Sogelaget var arrangør av Kulturminnedagen på Furland idrettshus denne fine søndagen. Grunnlova sitt 200-årsjubileum danna ramme om arrangementet. Furland har […]

default img

Sogelagsturen 2014

Vestnes sogelag gjennomførte sin årlege busstur torsdag 12. juni. Turen i år var ein kveldstur til nabokommunen Rauma. Vi stoppa […]

Årsskrift 2013

Årboka 2013

Årboka 2013 vart pakka på dugnad 25. november og er fordelt til medlemmane i god tid før jul. Boka, som […]

Tidlegare Aktivitetar

Oppdatert 15-02-2014

Sogelagsturen 2013

Vestnes sogelag inviterte til heildags busstur laurdag 29. juni. Turen gjekk først ut til Runde, der det var omvisning på Runde miljøsenter og servert varm lunsj. Heimturen gjekk via Eiksundsambandet og den nye Kvivsvegen til Hellesylt, med besøk på Peer Gynt-senteret.


Årsmøtet

Årsmøtet var tirsdag 19. mars på kommunehuset. Etter årsmøtet var det ope foredrag ved Kaare og Leif Magne Lervik. Her fekk vi høyre om Amerikaturen deira, på leit etter slektningar. Sjå òg artikkel i Årboka for 2012.


Årboka 2012

Årboka 2012: Årboka for 2012 er blitt godt tatt i mot. Ho er til sal i bokhandelen. Medlemmer får boka tilsendt, inkludert i medlemsskapet.


Lokalhistorisk vandring i Fiksdal

Sogelaget arrangerte lokalhistorisk vandring i Fiksdal måndag 10. september.
Det var godt oppmøte ved Fiksdal skule denne ettermiddagen. Sogelagsleiar Per Bjørn Ellingsseter fortalte den interessante historia til heimbygda si, som tidlegare vart kalla «Nakkebygda».


Lokalhistorisk vandring 19. juli

Torsdag 19. juli arrangerte Vestnes sogelag lokalhistorisk vandring. I førehandsomtalen stod:
«På initiativ frå Einar Baltzersen blir Krohg-året utvida for å minnast at det i desse dagar er 150 år sidan sjølvaste Henrik Ibsen vitja bygda vår. På turen oppsøkjer vi nokre av dei plassane Ibsen besøkte då han var her. På ein stad sat han og teikna ei skisse av Tresfjordfjella.
Sjølvsagt skal vi belyse spesielt den feiden som oppsto mellom Ibsen og Krohg i etterkant av besøket. Vi skal også prøve å finne ut om inntrykka frå Vestnes sette spor etter seg i Ibsen si dikting.
Frammøte ved Vestnes Fjordhotell kl. 18.00. Sjå óg hending i fjesboka.»


Sogelagsturen 2012

Vestnes sogelag var søndag 17. juni på busstur til indre Nordmøre. Vi besøkte Todalen (Vangsgutane si heimbygd), fjellgarden Kårvatn (kjent frå barne-TV) og Svinviks arboret (botanisk hage).
På Svinvik åt vi heimelaga suppe. Turen var ei stor oppleving for dei om lag 40 som var med.
Nærare info om reisemåla finn du på www.todalen.net. Les invitasjonen til turen her.


Årsmøtet 14. mars

Årsmøtet i Vestnes sogelag var 14. mars i rådhuset.
Etter årsmøtet var det foredrag av Per Arne Skomsø om skottetoget for 400 år sidan.


Årsskrift 2011

Årsskrift 2011 kom ut i god tid før jul. Sikre deg boka i bokhandelen eller ved å ta kontakt med sogelaget.
Søndag 11. september vart det gjennomført lokalhistorisk vandring med Odd Sørås som turleiar frå Øvstedal til Tresfjord kyrkje. Vandringa var ein del av Krohg-året og tok for seg historia om ”Rike-Brit”.
Sogelagsturen i 2011 gjekk laurdag 24. september til Eikesdalen. Bjørn Austigard var med. Les meir om turen her.


Fjelltur til Ysttinden

Fjellturen til Ysttinden 28. august 2011 i Krohgs fotefar vart offisielt avlyst då vêret ikkje var på vår side. Ei gruppe gjekk likevel til foten av Ysttinden, og Rolf Krohg-Sørensen kjempa seg heilt på toppen, der han framførte tekstar av tippoldefaren. Sjå reportasje i avisene og bilete i  Facebook-gruppa for Krohg-året 2011.


Otto Theodor Krohg

Krohg-feiring i Vestnes

15. mars 2011 var det storslått Krohg-feiring i Vestnes kyrkje under leiing av i Vestnes teaterlag, med Romsdalsorkesteret og Vestnes mandssangforening – det heile verbalt knytt saman av Odd Sørås. Delar av musikken som vart framført står Terje Rypdal bak. Carl Morten Amundsen var instruktør for teaterinnslaga. Etterkommarar av Krohg var med denne kvelden som heidersgjestar. Les meir om feiringa i Vestnes Kyrkjeblad her.


Årsmøte i Vestnes sogelag

Årsmøte i Vestnes sogelag var 9. mars på kommunehuset med vanlege årsmøtesaker.

Etter møtet kåserte konservator Terje Thingvold på Romsdalsmuseet om Hjertøya, med to forskjellige vinklingar:
1. Tresfjordingar med tilknytning til Hjertøya
2. Kunstnaren Kurt Schwitter.
Han viste fleire måleri av Schwitter og fotografi frå Hjertøya på den tida.

På biletet til venstre ser vi Terje Thingvold og Per Bjørn Ellingseter, som vart attvalt som leiar i sogelaget. Foto JH.


Vegskiltet til Krohgalleen

7. mars 2011 avduka sokneprest Signe Hellevik vegskiltet til Krohgalleen ved prestegarden på Helland. På biletet til høgre ser vi forslagsstillar til namnet Krohgalleen, Einar Baltzersen, og sogelagsleiar Per Bjørn Ellingseter ved det historiske vegskiltet. Foto JH


Otto Theodor Krohg

«Krohg-året» i Vestnes kommune

2011 er «Krohg-året» i Vestnes kommune, av di det er 200 år sidan Vestnes sin første sokneprest, Otto Theodor Krohg, vart fødd. Året vil bli markert med fleire arrangement, og medlemmene i sogelaget blir oppmoda om å hjelpe til. Vi takkar sponsorane til Krohg-året, Berg-Jacobsen-gruppa og Sparebank 1 SMN.

Besøk gjerne gruppa Krohg-året 2011 i Vestnes på Facebook.

Les om Krohg sin skitur frå Daugstad til Måndalen i Romsdals Budstikke her.


«Furland-kveld» på Landbruksmuseet.

18. januar 2011. Bernt Gjelsten på museet inviterte til møte. Guttorm Kjelsvik og Per Bjørn Ellingsseter fortalte den interessante historia om denne grenda frå 1850, om Jacob Jervell, nydyrking, kongebesøk og meir.


Frostad Grendahus

«Kulturvandring» i bilete

5. desember 2010.  «Kulturvandring» i bilete vart gjennomført på Frostad Grendahus denne kvelden. Tema var handel og næring på strekninga Langneset-Frostad frå gamal til nyare tid. Det var innlegg frå mange med tilknytting til bygda. Oppmøtet var godt, og det var stort engasjement frå salen. Arrangementet var eit samarbeid med Frivilligsentralen.


Forfattaren Jon Severud

Vinjekvelden i festsalen på Vestnes sjukeheim

9. september 2010. Vinjekvelden i festsalen på Vestnes sjukeheim vart svært vellykka. Heile 60 tilhøyrarar møtte fram, og vi fekk først smakebitar frå «Ferdaminne frå sumaren 1860» gjennom dramatisering, song, dans og musikk. Skodespelaren Magne Skjævesland framstilte Vinje på ein truverdig måte, godt utfylt av fiolinist og skodespelar Ingeborg Stenerud og pianist Andrea Cvetkovic. Forfattaren Jon Severud har gjennomført ei «gjenreise» i Vinje sine fotefar, 150 år etter. Han viste lysbilete frå ferda, som mellom anna gjekk over Furland i Vestnes, og presenterte smakebitar frå boka. På alle måtar ein triveleg kveld, og sogelaget fekk 4 nye medlemmer! Sjå og: http://www.vinjeproduksjoner.no. PBE.
(Foto: Olav Hole, Vestnesavisa.)