Sogelagturen 2019

Sogelagsturen -19 gjekk denne gongen til Nesset prestegard i Eidsvåg, laurdag 15. juni.

I strålande solskin møtte 28 påmeldte deltakarar fram til turen til Eidsvåg (4 personar kom til under

vegs), med påstigning i buss frå Atlantic Auto i Molde. Både sjåfør og styreleiar orienterte om dei små

stadane vi var innom på vegen til /frå prestegarden. Det blei gjeve ei god orientering frå ein guide ved

museet og det vart retta mange spørsmål om staden og tida då Bjørnstjerne Bjørnson hadde sin oppvekst

her, frå deltakarane. Kaffe og gode lefser blei servert i forkant av omvisninga.

Middagen, hjortekjøttkaker og riskrem, blei servert ved Eidsvåg Fjordhotell, der verten fortalde om

dette gamle hotellet. Alle returnerte til så Vestnes og var tilbake kl 17.00, etter ein igjen vellukka

sogelagstur.

Du kan lese om Nesset Prestegard her.