Aktuelt frå sogelaget

Årsmøte 2024 – annonsering

Årsmøte i Vestnes sogelag Tid: Torsdag 21. mars, klokka 19. Stad: Vestnes bibliotek Vanlege årsmøtesaker. Innkomne forslag må vere styret i hende seinast 7. mars. Etter møtet: Ola Gjendem held foredrag om Mali Furunes. Enkel servering. Fri inngang. Vel møtt! Les om Mali Furunes her: https://digitaltmuseum.no/011012691739/mali-furunes-fodd-11-juli-1888-i-vestnes-dod-22-desember-1968-var-skodespelar?fbclid=IwAR2ODc12vP5CaqSQ2p_XFwVSw-tQhPsqfn_CxWLotd-mI0jnCD9XFzxc-ok

Ta kontakt: skriftstyret@gmail.com

Nytt år og nytt årsskrift! Sogelaget etterlyser stoff til årets bok. Alt av lokalhistoriske emne som angår Vestnes-bygdene er aktuelt: det vere seg artiklar, foto, intervju og idear. Ikkje nøl med å kontakte skriftstyret om du har noko du vil formidle! Kontakt: skriftstyret@gmail.com

Utstilling om Ivar Brovold

Vestnes sogelag markerer at det i år (8.12) er 200 år sidan Ivar Brovold vart født. Utstillinga vart laga til ved Romsdalsmuseet (Morten Øveraas) i sommar og er titulert: «Ivar Brovold – ein demokratisk og lokalhistorisk føregangsmann» Tysdag 5. desember flytta og opna vi utstillinga ved Vestnes bibliotek. I denne […]

Lansering av Årsskrift 2023

Takk til alle som kom på lansering av Årsskrift 2023! Det ferske og dyktige skriftstyret losa oss gjennom arbeidet med boka. Tre artikkelforfattarar gav oss innblikk i tekstane sine, og Marit-Ellen Lund Salthammer framførte vakre musikalske innslag. Det skal også rettast ein stor takk til alle frivillige som hjalp til […]

Fotokveld på Ljosvang 19.10.2023

Takk til alle som møtte fram til fotokveld på tradisjonsrike Ljosvang! Mange flotte bilete vart vist fram og mykje ny informasjon vart lagt fram publikum (omlag 80 sjeler). Takk til Lars Sigmund Kleive og Jostein Bø for utval av bilete. Takk til Borgny Engås som tok med kake. PS! Den […]

«Minne frå krigen 1940-45» på Nasjonalbiblioteket.no

Det lenge utselde heftet «Minne frå krigen 1940-1945» er no digitalisert og offentleggjort på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Heftet finn du på denne lenka: https://www.nb.no/items/6289d07ca3ee601ed224865d9705bc3d?page=0&searchText=minne%20fr%C3%A5%20krigen Med dette er ei viktig kjelde om andre verdskrig i Vestnes sikra og tilgjengeleg for alle interesserte.

Foredrag med Åsta Vadset

Tusen takk til Åsta Vadset for eit godt og innhaldsrikt foredrag om arbeidet hennar med Sanitetskvinnelaga! Stad: Vestnes bibliotek 26. april 2023. Fri inngang. Enkel servering. Åsta og dei andre tilsette ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal gjer ein grundig jobb med å samle inn, registrere og digitalisere arkiv etter […]

Referat – Årsmøte 2023

Årsmøte 2023 vel gjennomført. Møtet vart annonsert i Vestnesavisa 1. mars. Ingen innmeldte saker til styret. Referatet er publisert på heimesida. Etter årsmøtet var ferdig, var det kaffipause før Bernt Gjelsten gav oss eit foredrag/kåseri med utgangspunkt i boka si om barnegjetinga i Noreg. Bernt hadde mykje interessant å fortelje […]

Årsmøte i Vestnes sogelag

Tid: Torsdag 23. mars, kl. 19 Stad: Vestnes bibliotek Vanlege årsmøtesaker Innkomne forslag må sendast til styret innan 9. mars Etter møtet: Foredrag med Bernt Gjelsten Vel møtt!

Manuslokking – Årsskrift 2023

Vestnes sogelag ønskjer tekstar og bilete til Årsskrift 2023 Skriftstyret tar gjerne imot både ferdige artiklar, gamle bilete og tips til aktuelle tema. Frist for innlevering av stoff, bilete og tips er 20. juni. For meir info ta kontakt med Morten Øveraas (tlf. 91775200), eller skriftstyre@vestnes-sogelag.no