Foredrag med Åsta Vadset

Tusen takk til Åsta Vadset for eit godt og innhaldsrikt foredrag om arbeidet hennar med Sanitetskvinnelaga! Stad: Vestnes bibliotek 26. april 2023. Fri inngang. Enkel servering.

Åsta og dei andre tilsette ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal gjer ein grundig jobb med å samle inn, registrere og digitalisere arkiv etter dei lokale laga. Det omfattande arkivmaterialet etter desse viktige organisasjonane blir slik bevart for all framtid.