Om heimesidene

Heimesidene vart oppretta i 2005. Pådrivar og redaktør frå starten var dåverande leiar Alf Johan Hustad. Han står òg bak dei fleste registra, det første innhaldet og fleire bilete i toppkollasjen. Han og fotogruppa har skaffa mange av dei historiske bileta og skanna dei.

Redaktør for heimesidene er leiar Morten Øveraas

Web-ansvarleg er Tore Louis S. Williksen. Han har sett opp heimesidene og held dei vedlike i samarbeid med redaktøren. Verktya WordPress og Paint Shop Pro er nytta.

Domenet www.vestnes-sogelag.no er registrert av Vestnes sogelag.

Vert for heimesidene er OnNet AS.

Toppkollasjen er laga av grafikaren Kristina Aas frå Vestnes.

Logoen til Vestnes Sogelag er laga av kunstnaren Ola Stavseng frå Stordal. Han laga og Båtbyggarmonumentet på Helland, som logoen syner. Fonten Amerigo er nytta.