Årsmøte 2023 vel gjennomført. Møtet vart annonsert i Vestnesavisa 1. mars. Ingen innmeldte saker til styret. Referatet er publisert på heimesida. Etter årsmøtet var ferdig, var det kaffipause før Bernt Gjelsten gav oss eit foredrag/kåseri med utgangspunkt i boka si om barnegjetinga i Noreg. Bernt hadde mykje interessant å fortelje om eit tankevekkjande emne. Under framstillinga trakk han inn både nasjonale og lokale døme på born som hadde gjetararbeid rundt om på den norske landsbygda. Takk til Bernt og takk til alle frammøtte! Vi ser fram til å ta fatt på eit nytt år med lokalhistorisk arbeid i Vestnes!
Du vil kanskje også like
Årsmøte i Vestnes sogelag Tid: Tysdag 29. mars, klokka 19. Stad: Vestnes bibliotek Vanlege årsmøtesaker Innkomne forslag sendast til leiar@vestnes-sogelag.no seinast 15. mars Underhaldning og enkel […]
Årsmøte tysdag 29. mars, klokka 19. Vstnes bibliotek. Ingen innkomne saker. Vanlege årsmøtesaker. Etter møtet: foredrag med Per Bjørn Ellingseter foredrag og […]
Takk til alle frammøtte for ein vel gjennomført og triveleg familiedag på Tresfjord Museum søndag 24. oktober. Det var mange flotte aktivitetar […]
Mange takk til Båtbyggarmuseet for ei flott omvisning ved Søblomsten. Vestnes sogelag gleder seg til å følgje dette store og spanande prosjektet […]