Tidlegare aktivitetar

40 innlegg

Fotogruppa

Gruppa har lagt ut på nett snart 4000 bilete frå arkivet til Kristoffer Aas, og mange bilete kjem til under vegs. Leiar er for 2019-20, Vebjørn Fiksdal. Sjå vidara i: http://foto.fylkesarkivet.no

Familiedag Tresfjord Museum

Familedag på Tresfjord Museum 1. september

Sogelaget deltok også i år med ein aktivitetsdag ved museet, fylt med mange aktivitetar. Her var smiing og skyting med pil og boge, lefsebaking, kinning av smør, maling av korn og historieopplesning for born m.m. Veret denne gongen bidrog til at dagen vart vellukka og kjekk å gjennomføre saman med […]

Frivillighetsdagen 7. september

Den årlege frivillighetsdagen blei arrangert med 42 lag og organisasjonar i Vestnes Brygge. Sogelaget stilte som vanleg med vår vogn og med salg av tidlegare tidskrift, og for å komme i samtale med folket. Lars Sigmund Kleive viste bilete via skjerm på «vår stand» frå Kristoffer Aas si biletsamling, som […]

Skriftstyret

Har hatt ein redaksjon med Martinus Løvik, Einar Baltzersen og Petter Inge Bergheim, der Martinus fungerte som koordinator. Tove Eikrem ga god hjelp i arbeidet med korrekturlesing.

Boksleppet 2019

Boksleppet for det 24. årskriftet i Vestnes Sogelag blei også i år på arrangert i Vestnes Bibliotek, 25. november. Fire forfattarar fortalde om arbeidet sitt med stoffet i boka. Boka inneheld 22 artiklar og 270 bilde og har eit opplag på 700. Frammøte var på ca. 30 personar denne kvelden. […]

Pakkedugnad 2019

Per Bjørn Ellingseter hadde også i år laga eit godt opplegg for pakkedugnaden for dei 7 personane som møtte fram denne kvelden. All pakking gjekk også greitt, men ei betre fordeling av oppgåvene med distribusjon er ynskjeleg for neste år.

Vidare program i 2018

Styret har ei stund hatt følgande programpostar på blokka, som interesserte i lokalhistorie bør få med seg:– Søndag 2. september gjentek vi den populære familiedagen på Trefjord museum saman med museumsstyret og Tresfjord bygdekvinnelag– Til hausten: Historisk vandring på Syltebakken i Tresfjord. Denne gongen går vi innover til kyrkja og […]

Sogelagsturen 2018

Sogelagsturen 2018 gjekk til Mellemværftet i Kristiansund og Kvernes stavkyrkje laurdag 2. juni. I kontakt med Nordmøre museum laga vi ein interessant tur for dei tjue deltakarane. Du kan lese om Mellemværftet her. Neste år har vi mål om å fylle bussen heilt!

Onsdag 29. november var det «bokslepp» av Årsskriftet

Onsdag 29. november var det «bokslepp» av Årsskriftet 2017 på Vestnes folkebibliotek med forfattarar til stades. Redaktør Per Bjørn Ellingseter presenterte alle artiklane i boka, som er 22. utgåve frå sogelaget. Sjå Publikasjonar her for meir info.Medlemmer får boka i postkassa første veka i desember. Andre kan kjøpe boka i bokhandelen […]

Historisk vandring i Syltebakken i Tresfjord

Laurdag 16. september var det historisk vandring i Syltebakken i TresfjordVestnes Sogelag arrangerte vandringa saman med Tresfjord Museum. Syltebakken omfattar ei gruppe unike bygningar som utgjer eit kulturminne. Bygningane ligg langs den gamle riksvegen, om lag tretti i talet; næringsbygg, bolighus, uthus i ulike stilartar, sveitserhus, murhus i jugendstil, empire og […]

Sogelagsturen 2017

Laurdag 10. juni gjekk årets sogelagstur til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Bussen gjekk sørover frå Vestnes Brygge, innover Storfjorden til Hellesylt, gjennom den vakre Nordangsdalen og til Sæbø. På vegen tok vi ein kaffistopp med omvising på det fantastiske Peer Gynt-senteret. I Ørsta hadde vi eit lenger opphald med orientering, […]

Krigsminnevandring på kystbatteriet på Rekdal

Onsdag 31. mai arrangerte sogelaget krigsminnevandring på kystbatteriet på Rekdal.Asbjørn Oterhals og Arve Rekdal viste oss rundt med start i Øygardsbukta, godt assistert av Per Bjørn Ellingseter. Om lag 30 deltok. Bildereportasje i både Vestnesavisa og Bygdebladet. Sjå: http://vestnesavisa.no/news/391.

Årsmøtet 2017

Årsmøtet 2017 vart halde 1. mars i Fiksdal kyrkjelydshus. Det var vanlege årsmøtesaker med val. To nye kom inn i styret. Om lag tjue medlemmer møtte. Vi vart traktert med kaffi og kaker.Etterpå fekk vi gjenoppleve delar av jubileumsprogrammet for Fiksdalkyrkja, som var 150 år i 2016. Petter Inge og Ivar […]