Tidlegare aktivitetar

40 innlegg

Årboka for 2016 er her

Årsskriftet vart pakka og utsendt til medlemane siste veka i november. 150 år gamle Fiksdal kyrkje prydar omslaget, og boka er fylt med god lesnad på dei 222 sidene. Her er artiklar om utvandring frå kommunen, ordførarkjedet,  Hellandkaia, hestehandel på Lindset, song og musikk på Øverås og mykje anna. Boka […]

Barnas dag på Tresfjord museum laurdag 10. september

Arrangementet var godt besøkt av unge og vaksne. Sogelaget og medarrangørane Tresfjord museum og Tresfjord bygdekvinnelag viste ulike aktivitetar frå «gamle dagar», som karding, spinning, maling av korn, flatbrødbaking, kinning av smør, ljåslått og raking. Det vart også lest eventyr, og gamle leikar vart vist. Mange nytta høvet til å […]

1800-talsvandring 11. juni

Sogelaget arrangerte denne laurdagen vandring frå Frivilligsentralen til Vestnes kyrkje. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg fortalte historia til det som er sjå og til personar som har levd langs denne ruta gjennom Helland og Vestnes. Det var stor oppslutning og mange lovord å høyre om vandringa etterpå.

Sogelagstur til nye Romsdalsmuseet 26. mai

Denne torsdagen var Vestnes sogelag på tur for å oppleve det nye og alt mykje omtalte nybygget ved Romsdalsmuseet. Jarle Sanden tok imot og serverte rømmegraut før han viste oss rundt nybygget med  utstillingar.Vi fekk også bli med i underetasjen i dei nye gjenstandsmagasina og verkstadene som gjer at ein […]

Kulturkvelden i Myra 16. mars

Kulturkvelden i Myra 16. mars med tema «Folk og ferdsel i Vestnes» samla rundt seksti tilhøyrarar.Leiaren i Sogelaget, Arvid Blindheim, ønskte velkomen. Etter småbordsprat med kaffi og skuffekake, var det musikalsk innslag med tostemt visesong. Gunnar Ødegård og Bernt Fylling framførte mellom anna «Bøgda mi med tone av Ødegård og tekst […]

Årsmøte

Årsmøtet var 24. februar med godt oppmøte. Vanlege årmøtesaker. Det vart meldt om høg aktivitet i 2015 med to vellukka bokutgivnader. Attval av leiar og styre.Etter etter årsmøtet orienterte Vebjørn Fiksdal og Edmund Melkild om arbeidet med fotoboka «Før i ti’n».

Årsskrift 2015 er her!

Årets sogelagsbok er no klar for distribusjon til medlemmer og andre. Vi reknar med at alle medlemmer skal ha fått boka i løpet av veke 49. Boka er som vanleg til sals i bokhandelen på Vestnes brygge og på Bygdabua, Fiksdal. Prisen er (også som vanleg) kr. 270,-.Årsskriftet har i […]

Ny fotobok i sal

Fotogruppa, styrka med leiar Arvid Blindheim, har no fullført sitt store arbeid. Gamle fotografi frå heile kommunen, med forklarande tekst til kvart bilde, er samla mellom to permar. Praktverket «Før i ti’n» får du kjøpt i bokhandelen på Vestnes.

Tur til Sunnmøre Museum

Onsdag 9. september gjekk turen til Sunnmøre Museum. Etter servering av sunnmørsk bacalao i museumskafeteriaen,  fekk vi  omvisning og orientering i båthallane ved Per Veddegjerde og på friluftsmuseet ved Jarle Sulebust. Dei 25 deltakarane hadde ein fin kveld. Besøket ga meirsmak, her er mykje att å utforske.

Sogelagstur til Bud

3. juni var vi på tur til Ergan Kystfort og det nye Kystkultursenteret i Bud. Vi starta opplevinga med fiskesuppe på Bryggjen i Bud. Jarle Sanden, direktør på Romsdalsmuseet, var med på turen og delte sin kunnskap om kysthistoria vår berre slik han kan

Årsmøte

Årsmøtet var i år i Tresfjord Kyrkjestove 5. mars. Etter årsmøtet var det Kulturkveld i Tresfjord kyrkje i samarbeid med Tresfjord Sokneråd og Romsdalsmuseet. Det var foredrag om antemensalet i kyrkja ved Kristin Hatlebrekke og lokal folkemusikk ved Britt Elise Skram m.fl

Kåseri om Knut Haugland på Idahall 5. februar

Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge. Denne torsdagen kunne eit femtitals tilhøyrarar møte forfattaren av boka om krigshelten og eventyraren. Svein Sæter kjem frå Stangvik på Nordmøre. Han har skrive boka Operatøren – Knut Hauglands egen beretning. Han fortalte om det dramatiske og fantastiske livet til Haugland, […]

Årsskrift 2014

Boka inneheld også i år mykje lesverdig stoff frå alle delar av kommunen, og frå ulike tidsperiodar. Boka er alt no å få i bokhandelen på Vestnes brygge, og prisen er som før, kr. 270,-, til dei som ikkje er medlemmer. For den som ikkje er medlem, er det no […]

Kulturminnedagen 14. september

Sogelaget var arrangør av Kulturminnedagen på Furland idrettshus denne fine søndagen. Grunnlova sitt 200-årsjubileum danna ramme om arrangementet. Furland har fått sitt namn, er dyrka og busett i perioden etter vi fekk grunnlova. Jarle Sanden og Guttorm Kjelsvik kåserte om Jacob Jervell si nydyrking frå 1850 og om bureisingsprosjektet Ny […]

Sogelagsturen 2014

Vestnes sogelag gjennomførte sin årlege busstur torsdag 12. juni. Turen i år var ein kveldstur til nabokommunen Rauma. Vi stoppa først på Trollveggen besøkssenter, der vi vart servert kjøtkaker og kaffe. Deretter drog vi litt lenger opp i Romsdalen, til Skiri gard. Her var vi med på ei natur- og […]

Hilde Stenmark

Arvid Blindheim valt til ny sogelagsleiar

Årsmøtet 2014 vart avvikla i kommunehuset onsdag 12. mars med vanlege årsmøtesaker, blant desse val. Per Bjørn vart takka for sin store innsats som sogelagsleiar dei fem siste åra. Han held fram i skriftstyret som har ansvaret for årboka. Som ny leiar vart Arvid Blindheim valt. Vi gratulerer og ønskjer […]

Historisk teaterframsyning i Myra onsdag 26. februar

Teatergruppa ”Vinjeproduksjonar” viste musikkteater-framsyninga ”Rosa” denne kvelden. Dette er eit teaterstykke som er knytt til stemmerettsjubileet i 2013, men innhaldet er sjølvsagt framleis aktuelt. Handlinga er knytt til kvinnefrigjering og likestilling på andre halvdelen av 1800-talet. Gjennomgangsfiguren, Rosa Kjeldseth, var ei kvinne som fekk oppleve dramatiske hendingar i livet sitt. […]

Årsskrift 2013

Årboka 2013

Årboka 2013 vart pakka på dugnad 25. november og er fordelt til medlemmane i god tid før jul. Boka, som er på 200 sider og i år i litt større format, er også til sals i bokhandelen. Her er mykje god lokalhistorie.