Vestnes sogelag gjennomførte sin årlege busstur torsdag 12. juni. Turen i år var ein kveldstur til nabokommunen Rauma. Vi stoppa først på Trollveggen besøkssenter, der vi vart servert kjøtkaker og kaffe. Deretter drog vi litt lenger opp i Romsdalen, til Skiri gard. Her var vi med på ei natur- og kulturvandring på eit par timar langs Rauma-elva, med Arne Skiri som guide. Turen gjekk på lett kuperte stiar. Vertskapet Svanhild og Arne har fått eintydig gode tilbakemeldingar på opplegget sitt sidan dei starta i 2002. Sjå: http://www.skiri.no/elvevandring.html og http://www.rbnett.no/kortreist/article9911310.ece.
Du vil kanskje også like
Årets sogelagsbok er no klar for distribusjon til medlemmer og andre. Vi reknar med at alle medlemmer skal ha fått boka i […]
Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge. Denne torsdagen kunne eit femtitals tilhøyrarar møte forfattaren av boka om krigshelten og […]
I strålande solskin møtte 28 påmeldte deltakarar fram til turen til Eidsvåg (4 personar kom til under vegs), med påstigning i buss […]
Onsdag 31. mai arrangerte sogelaget krigsminnevandring på kystbatteriet på Rekdal.Asbjørn Oterhals og Arve Rekdal viste oss rundt med start i Øygardsbukta, godt […]