Barnas dag på Tresfjord museum laurdag 10. september

Arrangementet var godt besøkt av unge og vaksne. Sogelaget og medarrangørane Tresfjord museum og Tresfjord bygdekvinnelag viste ulike aktivitetar frå «gamle dagar», som karding, spinning, maling av korn, flatbrødbaking, kinning av smør, ljåslått og raking. Det vart også lest eventyr, og gamle leikar vart vist. Mange nytta høvet til å sjå seg om på museet. Mellom aktivitetane kunne folk nyte ein kopp kaffi eller eit glas saft og litt å bite i kafeen i låven.