Laurdag 10. juni gjekk årets sogelagstur til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Bussen gjekk sørover frå Vestnes Brygge, innover Storfjorden til Hellesylt, gjennom den vakre Nordangsdalen og til Sæbø. På vegen tok vi ein kaffistopp med omvising på det fantastiske Peer Gynt-senteret. I Ørsta hadde vi eit lenger opphald med orientering, omvising og middag på Ivar Aasen-tunet. 25 nøgde deltakarar var heime på Vestnes i sekstida på kvelden.
Du vil kanskje også like
Kulturkvelden i Myra 16. mars med tema «Folk og ferdsel i Vestnes» samla rundt seksti tilhøyrarar.Leiaren i Sogelaget, Arvid Blindheim, ønskte velkomen. Etter […]
Årets sogelagsbok er no klar for distribusjon til medlemmer og andre. Vi reknar med at alle medlemmer skal ha fått boka i […]
Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge. Denne torsdagen kunne eit femtitals tilhøyrarar møte forfattaren av boka om krigshelten og […]
Sogelaget arrangerte denne laurdagen vandring frå Frivilligsentralen til Vestnes kyrkje. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg fortalte historia til det som er […]