Historisk vandring i Syltebakken i Tresfjord

Laurdag 16. september var det historisk vandring i Syltebakken i Tresfjord
Vestnes Sogelag arrangerte vandringa saman med Tresfjord Museum. Syltebakken omfattar ei gruppe unike bygningar som utgjer eit kulturminne. Bygningane ligg langs den gamle riksvegen, om lag tretti i talet; næringsbygg, bolighus, uthus i ulike stilartar, sveitserhus, murhus i jugendstil, empire og bygningar frå mellom- og etterkrigstid. Dette er den første sentrumsdanninga i Tresfjord som tok til på 1800-talet. Her vart det etablert handel, tradisjonelle handverk som tønnemaking, baking, snekring og smedverk, båtrutetransport, skipsekspedisjon og mykje anna. Syltebakken fortel historia frå når samfunnet gjekk frå primærnæringar som jord- og skogbruk og fiske til også å omfatte industri, handel og sørvisyrker. Konfeksjonsverksemder var blant desse. Det knyter seg mykje historie og ikkje minst mange historier til denne utviklinga og dei mest aktive åra i Syltebakken. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg orienterte hus for hus langs vegen. Arnljot Løvik og Steinar Kjersem frå Tresfjord Museum supplerte med artige historier som enno lever på folkemunne. Dei om lag førti frammøtte fekk ein interessant  historietime.