Onsdag 9. september gjekk turen til Sunnmøre Museum. Etter servering av sunnmørsk bacalao i museumskafeteriaen, fekk vi omvisning og orientering i båthallane ved Per Veddegjerde og på friluftsmuseet ved Jarle Sulebust. Dei 25 deltakarane hadde ein fin kveld. Besøket ga meirsmak, her er mykje att å utforske.
