Gode sogelagsfolk!
Vestnes sogelag takkar alle medlemmar og bidragsytarar for året som straks er ferdig.
I 2022 har vi mellom anna møttest for å høyre foredrag med Bjørn Austigard, vi har vore på synfaring ved «Søblomsten», vi har vitja Vågstranda, og vi har deltatt på familiedag ved Tresfjord museum. Ikkje minst har vi lansert nytt årsskrift.
Styret vil takke alle som har deltatt under desse aktivitetane. Stor takk til alle forfattarane og skriftstyret som har lagt ned mykje arbeid for å lage ei flott bok. I tillegg må vi takke lokalavisene for fine omtaler og våre sponsorar. Stor takk også til rekneskapsførar John Øveraas og mangeårige web-ansvarleg Tore Louis Williksen!
Vestnes sogelag går friskt inn i det nye året, og vi vil halde fram med å «redde mest mulig af bygdens historie fra forglemmelse», nettopp slik som Ivar Brovold sa det.
Vil du støtte oss på vegen, tar vi gjerne mot gåver på Vipps: 626788
Godt nyttår!