Årsmøte 2023 vel gjennomført. Møtet vart annonsert i Vestnesavisa 1. mars. Ingen innmeldte saker til styret. Referatet er publisert på heimesida. Etter årsmøtet var ferdig, var det kaffipause før Bernt Gjelsten gav oss eit foredrag/kåseri med utgangspunkt i boka si om barnegjetinga i Noreg. Bernt hadde mykje interessant å fortelje om eit tankevekkjande emne. Under framstillinga trakk han inn både nasjonale og lokale døme på born som hadde gjetararbeid rundt om på den norske landsbygda. Takk til Bernt og takk til alle frammøtte! Vi ser fram til å ta fatt på eit nytt år med lokalhistorisk arbeid i Vestnes!
Du vil kanskje også like
Vel gjennomført arangement på Vestnes bibliotek den 6. oktober 2022. Takk til Bjørn Austigard for filmvisning og eit lærerikt og underhaldande kåseri! […]
Årsskriftet er med åra blitt større og har fått mange fleire bilete, noko som gjer arbeidet med å lage boka meir omfattande. […]