Årsmøte 2023 vel gjennomført. Møtet vart annonsert i Vestnesavisa 1. mars. Ingen innmeldte saker til styret. Referatet er publisert på heimesida. Etter årsmøtet var ferdig, var det kaffipause før Bernt Gjelsten gav oss eit foredrag/kåseri med utgangspunkt i boka si om barnegjetinga i Noreg. Bernt hadde mykje interessant å fortelje om eit tankevekkjande emne. Under framstillinga trakk han inn både nasjonale og lokale døme på born som hadde gjetararbeid rundt om på den norske landsbygda. Takk til Bernt og takk til alle frammøtte! Vi ser fram til å ta fatt på eit nytt år med lokalhistorisk arbeid i Vestnes!
Du vil kanskje også like
Snart er tida inne for å ta en pust i bakken og la julefreda senke seg. Det er vel fortent. Utfordringane har […]
Årmøte 19. mars -20 er avlyst grunna Koronaviruset Ynskjer å komme tilbake med nærmare informasjon om arrangement i Vestnes Sogelag sin regi, […]
Årsmøte 26. august 2021, kl 19:00 på Vestnes bibliotek
Kristoffer Dahle held foredraget: «Furlandsmyran – en «rosettastein» for forståelsen av den regionale jernfremstillinga i jernalder og middelalder» *Fri inngang* Vestnes har […]