Den årlege frivillighetsdagen blei arrangert med 42 lag og organisasjonar i Vestnes Brygge. Sogelaget stilte som vanleg med vår vogn og med salg av tidlegare tidskrift, og for å komme i samtale med folket. Lars Sigmund Kleive viste bilete via skjerm på «vår stand» frå Kristoffer Aas si biletsamling, som sogelaget no har fått rettigheitene til.
Det var mange som ønskte å vite meir om sogelaget, og vi var godt besøkt.
5 nye personar teikna seg på som medlemmar i Vestnes Sogelag denne hausten.