Kjære sogelagsmedlem

Kjære sogelagsmedlem !

Vestnes 1. april 2020

Vi er inne i ei vanskelig tid, der skular, barnehagar, SFO og bedrifter er satt på vent, grunna ei virus som for einskilde kan vere vanskeleg å handtere.

Martinus Løvik, var sett opp til å halde eit innlegg om «Spanskesjuka» no til årsmøtet i Vestnes Sogelag, 19. mars, men det var no «Koronaviruset», som satte ein stoppar for at dette ikkje blei framført.

Det er vår, og mykje dårleg ver og lite omgang med kvarandre. Kanskje ein i desse stundene kan bruke til å skrive sin historie og medele oss dette. Skriftstyret har godt med stoff og bilete inne for året sin utgåve, men med må også ha tanke på ei geografisk fordeling. Historie fell ikkje ut på alder og vil bli om så overført til neste årsskrift.

I skrivande stund, ser det ut til at vi kan sjå lyset i tunnelen og at denne krisa er på veg tilbake og at «ting» normaliserer seg.

Prøv å ha ei god stund saman med dine og pass god på kvarandre.

Med venleg helsing

Bjørn Flate

-leiar-