Teatergruppa ”Vinjeproduksjonar” viste musikkteater-framsyninga ”Rosa” denne kvelden. Dette er eit teaterstykke som er knytt til stemmerettsjubileet i 2013,
men innhaldet er sjølvsagt framleis aktuelt. Handlinga er knytt til kvinnefrigjering og likestilling på andre halvdelen av 1800-talet. Gjennomgangsfiguren, Rosa Kjeldseth,
var ei kvinne som fekk oppleve dramatiske hendingar i livet sitt. Musikken som blir brukt i stykket er komponert av den første kvinnelege komponisten i Noreg, Agathe Backer Grøndahl.
Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom sogelaget, pensjonistlaget og Vestnes kommune.