Arrangementet var godt besøkt av unge og vaksne. Sogelaget og medarrangørane Tresfjord museum og Tresfjord bygdekvinnelag viste ulike aktivitetar frå «gamle dagar», som karding, spinning, maling av korn, flatbrødbaking, kinning av smør, ljåslått og raking. Det vart også lest eventyr, og gamle leikar vart vist. Mange nytta høvet til å sjå seg om på museet. Mellom aktivitetane kunne folk nyte ein kopp kaffi eller eit glas saft og litt å bite i kafeen i låven.
Du vil kanskje også like
Det blei ikkje arrangert nokon vandretur i år. Sjå planar for 2020.
3. juni var vi på tur til Ergan Kystfort og det nye Kystkultursenteret i Bud. Vi starta opplevinga med fiskesuppe på Bryggjen […]
Laurdag 10. juni gjekk årets sogelagstur til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Bussen gjekk sørover frå Vestnes Brygge, innover Storfjorden til Hellesylt, gjennom […]
Fleire representantar frå styret stod på stand på Vestnes brygge denne laurdagen. Vi hadde gode tilbod på publikasjonane våre, snakka lokalhistorie med […]