Laurdag 10. juni gjekk årets sogelagstur til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Bussen gjekk sørover frå Vestnes Brygge, innover Storfjorden til Hellesylt, gjennom den vakre Nordangsdalen og til Sæbø. På vegen tok vi ein kaffistopp med omvising på det fantastiske Peer Gynt-senteret. I Ørsta hadde vi eit lenger opphald med orientering, omvising og middag på Ivar Aasen-tunet. 25 nøgde deltakarar var heime på Vestnes i sekstida på kvelden.
Du vil kanskje også like
Boksleppet for det 24. årskriftet i Vestnes Sogelag blei også i år på arrangert i Vestnes Bibliotek, 25. november. Fire forfattarar fortalde […]
Møtet blei avhalde på Vestnes Fjordhotell. Seks personar møtte fram. Vedtak: Bjørn Flate blei valgt til styreleiar for eitt år. Styresammensettinga, sjå […]
Årboka 2013 vart pakka på dugnad 25. november og er fordelt til medlemmane i god tid før jul. Boka, som er på […]
Gruppa har lagt ut på nett snart 4000 bilete frå arkivet til Kristoffer Aas, og mange bilete kjem til under vegs. Leiar […]