Årsskrift 2020

Årsskriftet er med åra blitt større og har fått mange fleire bilete, noko som gjer arbeidet med å lage boka meir omfattande. Innleveringsfristen for manuskript vil derfor heretter bli tidlegare enn før. Vi ønskjer sterkt å få inn manuskripta før sommarferien, og manuskript som kjem etter 1. august må ein rekne med kan måtte ligge over til neste års bok.

Vi oppfordrar folk til å skrive, både eigne minne og slikt ein har fått fortalt, i tillegg til artiklar om spesielle menneske, hendingar, ting, verksemder, lag og organisasjonar. Slekts- og familiehistorie er best om den har så mykje i seg av tidsbilete, personskildringar og hendingar at den blir interessant å lese for mange.

Ein må ikkje ha bilete, men bilete er av stor verdi og er med på å gjere artikkelen meir levande og interessant. Eitt bilete fortel som kjent meir enn 1000 ord! Redaksjonen kan ofte hjelpe med å finne bilete, om manuskriptet kjem tidleg nok. Biletkvaliteten reint datamessig må vere god når biletet skal trykkast, og redaksjonen kan hjelpe med å scanne bileta med høg kvalitet. Bilete lasta ned frå internett har berre unntaksvis god nok nok kvalitet (oppløysing) til trykking.

Kjem manuskriptet i god tid, kan redaksjonen om ønskjeleg hjelpe til både med språk og utforming, du treng ikkje vere stor forfattar! – det viktige er å ha noko å fortelje. Om du ikkje skriv sjølv, er redaksjonen takksam for å få forslag til emne nokon kan skrive om, eller folk som kan bli intervjua.

Kontaktperson: Martinus Løvik. skriftstyret@vestnes-sogelag.no eller martloev@online.no tlf. 91377388