Vestnes sogelag markerer at det i år (8.12) er 200 år sidan Ivar Brovold vart født. Utstillinga vart laga til ved Romsdalsmuseet (Morten Øveraas) i sommar og er titulert: «Ivar Brovold – ein demokratisk og lokalhistorisk føregangsmann»
Tysdag 5. desember flytta og opna vi utstillinga ved Vestnes bibliotek. I denne samanheng kåseri av Einar Baltzersen og foredrag av Morten Øveraas.
Utstillinga vil bli ståande til utpå nyåret.