Årsmøtet 2017 vart halde 1. mars i Fiksdal kyrkjelydshus. Det var vanlege årsmøtesaker med val. To nye kom inn i styret. Om lag tjue medlemmer møtte. Vi vart traktert med kaffi og kaker.
Etterpå fekk vi gjenoppleve delar av jubileumsprogrammet for Fiksdalkyrkja, som var 150 år i 2016. Petter Inge og Ivar Bergheim tok oss med på eit interessant fotokåseri og til slutt omvising i den nyoppussa kyrkja.