Vidare program i 2018

Styret har ei stund hatt følgande programpostar på blokka, som interesserte i lokalhistorie bør få med seg:
– Søndag 2. september gjentek vi den populære familiedagen på Trefjord museum saman med museumsstyret og Tresfjord bygdekvinnelag
– Til hausten: Historisk vandring på Syltebakken i Tresfjord. Denne gongen går vi innover til kyrkja og stansar ved minneverdige bygningar og anna. Einar Baltzersen og Odd Jarle Talberg vil leie oss med lokal hjelp
– Laurdag 17. november møtest vi for å få vite meir om den rike båtbyggarhistoria i Tomrefjord. Sentrale personar orienterer og viser bilete.
– Siste veka i november har vi det etter kvart tradisjonelle boksleppet av årboka 2018 på Vestnes folkebibliotek. Nokre av forfattarene vil orientere om sine artiklar. Dette må du få deg.