Årsskrift 2015 er her!

Årets sogelagsbok er no klar for distribusjon til medlemmer og andre. Vi reknar med at alle medlemmer skal ha fått boka i løpet av veke 49. Boka er som vanleg til sals i bokhandelen på Vestnes brygge og på Bygdabua, Fiksdal. Prisen er (også som vanleg) kr. 270,-.
Årsskriftet har i år større sidetal enn nokon gong før, 230 sider. Innhaldet er variert, med innslag frå alle delar av kommunen. Nokre stikkord:
* Mordsak på Vestnes i 1905
* Konfeksjonshistorie frå Vik
* Tresfjordingar på Hjertøya
* Barndomsminne frå Amerika
* Fiksdaling som flytta til Rogaland
* Kaféar i Tresfjord
* og mykje anna, frå alle delar av kommunen

Er du medlem, og treng fleire bøker til medlemspris (kr. 220,-), kan du kontakte leiaren i redaksjonsnemnda, Per Bjørn Ellingseter. e-post: pelli0343@yahoo.no. tel.: 938 70 219