Familiedag Tresfjord Museum

Familedag på Tresfjord Museum 1. september

Sogelaget deltok også i år med ein aktivitetsdag ved museet, fylt med mange aktivitetar.

Her var smiing og skyting med pil og boge, lefsebaking, kinning av smør, maling av korn og historieopplesning for born m.m. Veret denne gongen bidrog til at dagen vart vellukka og kjekk å gjennomføre saman med representantar frå museet og Tresfjord Bygdekvinnelag.

Ca. 200 personar var innom arrangementet.