Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge. Denne torsdagen kunne eit femtitals tilhøyrarar møte forfattaren av boka om krigshelten og eventyraren. Svein Sæter kjem frå Stangvik på Nordmøre. Han har skrive boka Operatøren – Knut Hauglands egen beretning. Han fortalte om det dramatiske og fantastiske livet til Haugland, som døydde i 2009. Det var Kaare Lervik i Vestnes pensjonistlag som tok initiativet til kvelden, som vart arrangert i samarbeid med Vestnes folkebibliotek og Vestnes sogelag.
Folkemusikkgruppa Werner Barth spelte før og etter kåseriet.