Boksleppet for det 24. årskriftet i Vestnes Sogelag blei også i år på arrangert i Vestnes Bibliotek, 25. november. Fire forfattarar fortalde om arbeidet sitt med stoffet i boka.
Boka inneheld 22 artiklar og 270 bilde og har eit opplag på 700. Frammøte var på ca. 30 personar denne kvelden.
Martinus Løvik og Einar Baltzersen representerte også Vestnes sogelag i Romsdalsmuseet sitt bokslepp i Molde 27. november, der Martinus hadde ein kort presentasjon av vårt tidskrift for -19.